Oda Alette – den ukjende klubbmeisteren!

Postet av Atle Jomar Hole den 28. Sep 2025

 

Vart klubbmeister for Velledalen IL på 10 km sju dagar etter debuten på heilmaraton

 

20. september hoppa Oda Alette Kjelsbøl Hole inn på systera Mathilde Sofie Hole sitt startnummer under Oslo Maraton. Heilmaraton må vite, 42 195 meter. Oda Alette var debutant. Og såleis uerfaren. Opningsfarta røpa det. Arrangøren seier ho passerte 10 km på 47.34. Hadde ho halde same fart heilt til mål, hadde ho kome inn på lågt 3.20-talet, og sletta Malin Berge sin klubbrekord med god margin (3.36.33).

 

Men debuterer ein på heilmaraton,  må ein vere budd på at ting kan skje. Spesielt mot slutten. Faktisk er det mykje som kan gå gale, både kroppsleg og ernærings-messig. Oda Alette fekk smake opningsfarta. Sakte men sikkert gjekk det seinare og seinare. Men ho kom inn på brillefine 3.43.27.

 

Oda Alette sorterer under Velledalen IL si Oslo-avdeling, oppvaksen som ho er i Nittedal og Gjelleråsen. Sidan ho no er arbeidssøkjande, og maratonløpet sat i skrotten, tok ho like godt ein tur til Velledalen for å besøkje besteforeldra Ingrid og Elling Ivar Hole. Ho hadde fått beskjed av faren (Roger Malvin) at ho kunne slengje seg med i Sørestrand-mila… Men sidan dei 42 195 meterane sat hardt i, prøvde ho fredag ein tur til toppen av Straumshornet saman med den 84-årige bestefaren. I håp om at kroppsverken frå medfarta i Oslo sine gater skulle sleppe taket. Noko den sjølvsagt ikkje gjorde.

 

Men Oda Alette er tøff. Ho møtte i Straumgjerde laurdag 27.september, klar til start på 10 km klokka 12.02. Fyrste 5 km gjekk unna på 21.40, den neste på 22.16. Samla tid 43.56, og slik vart Oda Alette klubbmeister for Velledalen IL på 10 km klasse K 23-34 (og nest best av alle kvinner på distansen). For det heimlege løpsmiljøet var kanskje Oda den mest ukjende klubbmeisteren, no kjenner fleire henne i alle fall litt. Og vi gratulerer henne med tittelen; KLUBBMEISTER 10 KM 2025 KLASSE K 23-34!

 

PS. 29-åringen Oda er også dyktig på ski. Gjekk Birkebeinerrennet på under 3.50 i 2025, med god margin til merkekravet

...

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.