Fjellgeita Emblem: O-sesongen avslutta i med optmisme

Postet av Atle Jomar Hole den 28. Sep 2025

 

O-leiar Pernille hadde med seg seks unge løparar til sesong-avslutning

 

Nesten synd at sesongen er slutt. Etter ein trå start på sesongen skaut det verkeleg fart i siste del. Det starta eigentleg med Mikkel sin storfine innsats under ungdoms-NM, noko som skulle vise seg å bli reine vitamin-innsprøytinga  for mange i miljøet.

 

Emblem IL har hatt sesongavslutninga for o-løp i Møre og Romsdal i mange år, eit løp som ber namnet «Fjellgeita». I yngste klasse (Fjellkillingen Råtass) hadde Velledalen IL med tre unge jenter. Sara Orre, Iben Olin Linga og Sofie Linga leverte alle tre fine prestasjonar i ei løype dei brukte kring timen på å ta seg gjennom. Ho «mor» sjølv, Pernille, vart nummer tre av seks deltakarar i damer 6 km.

I klasse herrar seks km hadde Velledalen IL med tre unge gutar. Der gjekk det slik:

  1. Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 51.58
  2. Kristian Sørensen, Emblem IL, 52.02
  3. Mattias Dahlberg, Emblem IL, 52.11
  4. Hans Gunnar Høyland, Emblem IL, 1.01.31
  5. Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 1.01.46
  6. Sigurd Linga, Velledalen IL, 1.06.15
  7. Linus Foss-Dahlberg, Embelm IL, 1.08.43
  8. Torgeir Strand, IL Gular, 1.25.49
  9. Ola Drotninghaug, Velledalen IL, 1.26.46
  10. Stein Haukebø Siem, MOI, 1.26.48
  11. Geir Nilsen, Emblem IL, 1.27.59
  12. Einar Bjørshol, Emblem IL, 1.28.19
  13. Maksym Redka, Emblem IL, 1. 45.47

Fire løparar fekk ”ikkje godkjent” – før kalla disk.

 

Per Magne Drotninghaug var Velledalen IL sin representant i Herrar 10 km (10 600 meter). Også han fekk lagnaden «ikkje godkjent», noko som er fort gjort i orientering.

 

Avslutningsløpet i 2025-sesongen på Emblem samla deltaking frå desse klubbane:

Emblem IL

Velledalen IL

MOI (Molde & Omegn)

IL Gular

Askvoll IL

Førde IL

Markane IL

Halden SK

OK Arboro (Litauen)

 

Fram mot 2026-sesongen er draumen at Velledalen IL skal stille eige stafett-lag i ungdoms-NM i Nordmarka i Oslo, tidleg i august. Her er det snakk om eit blanda-lag med to gutar og to jenter på laget. Berre det å greie delta, vil verte ei minnerik oppleving for dei som får sjansen. O-gjengen har full oppbacking  frå heile Velledalen IL om å kome i mål med prosjektet.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.