Velkomen til Velledalen IL, Sven-Erik!

Postet av Atle Jomar Hole den 29. Sep 2025

 

Her kjem det vi veit om historia til Velledalen IL sitt nyaste tilskot, Sven-Erik Kaiser

 

Fyrste gongen Velledalen IL si nettside høyrde om karen var fyrste helga i september. Velledalen IL arrangerte då sitt etter kvart tradisjonsrike Haustløp i orientering, med base på Kolda. Same helg var det o-samling i Sykkylven. Om Sven-Erik var med på denne vitast ikkje, men han deltok i løpet. Lengde: såkalla mellom-distanse. Men den eminente løype-settaren vår, Alastair Brunton, likar at det skal vere krevjande. Difor tykte eg litt synd i den ukjende karen med namnet Sven-Erik Markhus Kaiser, då eg skreiv resultata inn på nettsida. Vinnartida var ein time og 26 minutt, medan eg skreiv 2.33.10 bak namnet til Sven-Erik og tenkte: - Mellomdistanse, og mellomdistanse fru Blom!

 

Så gjekk det tre veker. Sørestrand-mila stod for tur. På påmeldingslista over deltakarar på 5 km kom namnet Sven-Erik Kaiser opp. Eg kjende att namnet. Og vart glad på hans, og Velledalen IL sine vegne, då startnummer 193 feia gjennom 5 km-løypa på 17.36. Berre Ole Robert Strømme (16.45) var raskare. Ei oppreisning av dimensjonar – som aspirerer til prisen «Årets Oppreisning» under den komande Idrettsgallaen i Velledalen IL – for utøvaren som under Sørestrand-mila representerte Fiskebeinern SK.

 

Siste nytt i saka er at 31-åringen Sven-Erik har gjeve beskjed om innmelding i Velledalen IL, som betyr at han enn så lenge vil fylgje friidrettsleiar Alf Petter Bøe sine disiplar.

Velkomen til Velledalen IL, Sven-Erik Kaisar – vi likar karar som satsar og feilar, tek ny sats, og vinn! Gull verdt i ei usportsleg og opp-reva verd, som Flettfrid Andresen ein gong så treffande sa det!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.