«Stikk-ut- ekspert» siste tilskotet i rekkjene våre
Postet av Atle Jomar Hole den 30. Sep 2025
I dag ynskjer vi Nina Larsen Brune velkomen som medlem i Velledalen IL.
Nina er gift med Bjørn Arve Brune og bur på Stranda. Mannen hennar er kjend som seriøs og hardt-satsande, og er mellom dei beste i nasjonen innan lange løp på fast underlag i lett målbart terreng. Kondis sin veteran-statistikk fortel dette, der han i 2025 har framifrå tider til 61-åring å vere på 5 km, 10 km og halvmaraton.
57-åringen Nina, er altså kona til Bjørn Arve, og ein racar innan Stikk-Ut-turar. Men vegen frå ein Stikk-Ut-tur til eksempelvis ein 5 km treng ikkje vere lang. Nina var på plass på denne distansen i Ålesund i godt Byrg-selskap, og seinare drog ho til med same distanse under Jølster Maraton og ho dobla til «10 for Grete» i Oslo. Så tappa ho ned med ein 3 km under Sørestrand-mila i Straumgjerde. Den gav 1.plass i klasse K 55-59 på tida 23.19.
Resten av historia er det Anita Mosby Nakken som fortel:
- Jeg sa til ho før løpet at nå måtte ho melde seg inn i laget. Da hadde vi nettopp vært i Oslo, der ho gjorde et bra løp. Etter lørdagens løp fikk ho ved en liten feil tildelt premie som klubbmester (ho var påmeldt med Stranda bak namnet sitt), og samtalen vår fortsatte med at nå var det ingen vei tilbake. Da gikk ho og kjøpte seg klubbtøy.
Vidare skriv Anita:
- Det ble altså to nye medlemmer etter lørdagen, og kan hende en til kan være underveis….
Det kan synast som vervarane våre held skyhøg kvalitet.
Vi seier nok ein gong velkomen inn i det gode selskap til Sven-Erik og Nina – og kanskje kjem det nye positive meldingar frå fronten
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.