Trimpostane: Helsefremjande tiltak dei eldre set pris på
Postet av Atle Jomar Hole den 2. Okt 2025
I dag vart det skifta bok ved trimposten i Riksheimdalen
Sjå foto! Kjende karar med idrettsleg tyngde. Karane som var i Riksheimdalen den dagen boka på trimposten vart skifta, er alle over 80 år. Bård Erstad (82), Einar Fet (81) og Ivar Flo (81) er vel kjende i lokalmiljøet. Kjende frå fotball, ski, lange løp og stafettar. Ivar kan til og med slå seg på brystet og juble over 70 år i korpsrørsla. Og så seint som i sommar representerte han Velledalen IL under ein minimaraton i Hornindal. Bård kunne fortelje at han enno kjende på ein lyskestrekk frå 78, så med han vart det berre gåing. Einar fortalde at han brann etter å springe, men kroppen ville ikkje at han skulle. 600 fotball-kampar på A-nivå set sine spor, ingen tvil om det. Men alle tre var samde om ein ting; at god fysisk form lettar alderdomen. Til slutt nemner vi at Bård og Ivar samla hadde over 500 turar til trimposten i Riksheimdalen siste året. Einar har nok minst like mange turar, men i all hovudsak til andre postar, som skogsvegen Straumsheim, Bruna og Myrdalsfjellet for å nemne nokre.
Slike «gutar» kan vi like!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.