Rulleblad Velledalen IL: For 12.september 2026
Postet av Atle Jomar Hole den 2. Okt 2025
Arkivfoto 25
Somme er gode på langtidsplanlegging
Går ein inn på BMW Oslo Maraton for 2026 – arrangert 12.september – kan ein nesten bli mållaus. Der kan ein mellom anna finne påmeldingslistene for løpet. Sett med Velledalen IL-auge imponerande lesnad. Søkjer ein på deltakarar frå Velledalen IL, dukkar fylgjande opp:
OSLOTRIPPELEN (ca 73 300 meter):
Emma Olin Holmberg
Christina Linnea Holmberg
HEILMARATON (ca 42 195 meter):
Johanne Hjortdal (K 23-34)
HALVMARATON (ca 21 097 meter):
Marianne Fløttum (K 45-49)
Marita B. Andreassen (K 50-54)
Elisabeth Hetlevik (K 60-64)
Andreas Nakken (M 20-22)
Sivert Mosby Nakken (M 20-22)
Øystein Vikingsen Fauske (M 45-49)
Per Inge Bjørnestad (M 50-54)
Fridtjof Fredriksen (M 55-59)
Svein Arne Nakken (M 55-59)
Trond Bonesmo (M 55-59)
Jan Helge Myhre (M 60-64)
Roger André Vanebo (M 60-64)
Bjørn Arve Brune (M 60-64)
10 FOR GRETE (ca 10 000 meter):
Susan Gjerde K 50-54
Anita Mosby Nakken K 60-64
Frode Mauren M 50-54
Altså 19 påmelde i skrivande stund. Og det kan bli fleire, men vi gjer merksam på at i fylgje arrangøren er Oslotrippelen utseld. Det som derimot ikkje stemmer av det arrangøren legg ut, er klasseinndelingane. Vi veit at t.d. både Svein og Fridtjof skal opp i klasse M 60-64 neste sesong. Sameleis vert det opprykk for Andreas og Sivert som skal opp i M 23-34. Truleg vert dette justert inn i god tid før september 2026.
PS. Håper at Oslo-avdelinga også kan bidra med nokre namn slik at vi kjem godt over 20 deltakarar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.