Trimpostane: 84-åring på Holetindane
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Okt 2025
Ingen tvil om at den eldre garde imponerer
Velledalen IL sine 15 trimpostar er av ulike vanskegrad. Mange av dei krempostar etter skogsveg, postar dei fleste kan greie. Men går ein i Regndalen skal ein meistre glatte berg, går ein til posten Koppen må ein ha gode kne for der er bratt nedatt, posten i Riksheimdalen har bratt, men god veg , Høgsætra er ikkje akkurat nokon «walk in the park», Myrdalsfjellet er langt i frå etter flate marka, like eins Brunstadkølen. Sist men ikkje minst har vi Holetindane – den mest krevjande posten som gir 30 gilde trimpost-poeng på toppen.
Elling Hole var der ein av siste dagane i september. I ein alder av ganske nøyaktig 84 år og 135 dagar. Vi veit ikkje sikkert, men truleg den eldste som nokon gong teke seg til toppen av Holetindane for eiga maskin. Rett nok hadde han med sonedottera Mathilde Sofie Kjellsbøl Hole, men han gjekk heile turen på eigne bein.
Men det stoggar ikkje der. Elling Ivar er ein av ganske få som har vore innom alle trimpostane i løpet av siste sesong (oktober 2024 – oktober 2025). Og rykta seier han er vinnar av trimposten Myrdalsfjellet, altså i ein alder av 84 år. Vi kjem nok tilbake til namnet Elling Ivar Hole når resultata frå dei ulike postane - og samanlagt - er klare.
Treff du karen på din veg, er det eitt å gjere. Knip tak i neven hans og gratuler – 84-åringar på toppen av Holetindane er sjeldan vare!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.