Idrettshelga: Litt av kvart – nærast er ROALDEN OPP!
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Okt 2025
Mange VIL-utøvarar skal i aksjon komande helg.
Det ser ut som det vert laurdag 4.oktober som vert den store dagen denne helga.
ORIENTERING: Ingen konkurranse-aktivitet denne helga, då den lokale sesongen er avslutta. Sterk andre halvdel av sesongen som truleg gir meirsmak for fleire lovande emne inn mot ein ny sesong.
MOTBAKKELØP – ROALDEN OPP:
Vert arrangert med start frå Stova (Strandafjellet) laurdag 4.oktober klokka 12.30. Vi har inga startliste å halde oss til, men reknar med Velledalen IL vert representert, sjølv om vi denne sesongen har hatt få løparar som har delteke i motbakkeløp
SØRFJORDEN HALVMARATON:
Stort løp ved Bergen som passerte 800 påmelde torsdag. Løpsdag er laurdag 4.oktober. Tomas Tandstad einaste VIL-løpar mellom dei påmelde, til og med debutant på distansen. Siste er at Tomas har fått helseproblem og er usikker med omsyn til start. Velledalen IL har tidlegare vore representert med gode plasseringar i dette løpet gjennom Espen Utgård Sæther.
RAUMA BACKYARD ULTRA:
Start klokka 08.00 frå Åndalsnes Camping. Vi har ikkje sett startliste, men veit at Malin Berge, Hilmar Kråkenes og Frank Andersen stiller. Dette fungerer slik at løparane startar kvar heile time (siste start 19.00) i ei løype på 6,7 km. For å få starte på ny runde, må ein altså ha klart 6,7 km i løpet av ein time. I alt 12 startar og 80,4 km for dei som er med heilt til slutt. Her treng våre tre eit «lukke til» med på vegen.
GLOPPEN HALVMAATON:
Vert arrangert laurdag 4.oktober med distansane 10 km og halvmaraton. Påmeldinga har passert imponerande 300 deltakarar, mellom anna store troppar frå Ørsta, Volda og Ulsteinvik, bygder som ikkje hadde ein einaste utøver under Sørestrandmila. Velledalen IL har fem utøvarar påmelde i Gloppen, alle på halvmaraton.
Det er: Trond Bonesmo (M 55-59), Fridtjof Fredriksen (M 55-59), Jan Ketil Vinnes (M 55-59), Stian Hole M (45-49) og Hilmar Kråkenes (M 45-49).
Men sidan Hilmar har tenkt å bruke dagen på Åndalsnes, vert han nok ikkje å sjå i Gloppen.
Så kan det fort gjort vere andre arrangement som vi ikkje veit om. Alt skal med, så meld inn resultat og send foto – ingen prestasjon er for liten til å få plass på Velledalen IL si nettside!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.