Roalden Opp: Kjempeløp av Sigurd

Postet av Atle Jomar Hole den 4. Okt 2025

 

Sigurd Ringdal Linga leverte eit kjempeløp med tredje beste tid Roalden Opp på Stranda.

 

Arrangøren opererer med 27 fullførande på tid, med klasseinndeling kvinner og menn. Som vi kanskje frykta vart ikkje deltakinga stor frå Velledalen IL, men Sigurd Ringdal Linga viste talentet sitt også i denne konkurransen. Guten har i 2025 vist at han er sterk i flate løp, i motbakkeløp, i orientering og i fotball. Friskt av ein så ung gut og hevde seg så sterkt i dette selskapet

Arrangør var Stranda IL, langrennsgruppa

 

Dei beste tidene

Menn:

  1. Jeppe Aaskov Pallesen, Danmark, 23.01
  2. Laurits Linge Glomnes, Valldal IL, 25.43
  3. Sigurd Ringdal Linga, Velledalen IL, 28.31
  4. Anders Hellevik, Stranda IL, 29.12
  5. Magne Eivind Glomnes, Valldal IL, 29.18
  6. Ronny Ødegård, Stranda IL, 29.52

 

Kvinner:

  1. Hege Ringdal, Sunnylven IL, 29.19
  2. Stina Pettersen, 31.22
  3. Aleksandra Kowalska, 31,47
  4. Sandra Kammen, 32.06
  5. Ida Bueide, Hundeidvik, 32.58
  6. Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL, 33.15

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.