Rauma Backyard: Råsterke 2.plassar til Malin og Hilmar

Postet av Atle Jomar Hole den 4. Okt 2025

 Arkivfoto

Begge var med på samtlege tolv rundar – Malin svei av 4502 kaloriar i løpet av dagen

 

Fyrste start gjekk klokka 08.00 i dag tidleg. Kvar heile time la løparane ut på ei ny sløyfe på 6,7 km. Frank Andersen hadde migrene-problem og hoppa av etter tre rundar (kring 20 km). Men dei to andre VIL-utøvarane, Malin Berge og Hilmar Kråkenes, starta på ny runde kvar heile time. Heilt til klokka 19.00, då siste runde starta. I mål hadde begge sprunge kring 80,5 km. Strava-oppateringa til Malin viser at ho har ei «moving time» på 8.26.46, altså kring åtte og ein halv time.

 

Hilmar har så langt vore meir ordknapp på Strava, bortsett frå at han vart nummer to. Malin har lagt ut fylgjande på Strava:

  • Rauma Backyard og 2.plass:
  • Amy som hovudsponsor, men elles godt selskap av kjekke jenter som Kiyasa Bahaman, Henrikke Røder og Susanne Avseth, som alle imponerte. Elles en mann av betong som pusha når ej ville døy, Oscar Bøe

Det går elles fram at ho har sprunge 80,64 km, innanfor ei «moving time» på 8.26.46, noko som har kosta henne 4502 kaloriar.

 

Vi håper og kunne kome tilbake med resultat frå «galskapen» i Rauma i morgon, men altså: kanoninnsats av både Malin Berge og Hilmar Kråkenes!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.