Rauma Backyard Ultra: Krutsterkt av Malin og Hilmar

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Okt 2025

 

Malin Berge nr 2 av kvinnene – Hilmar Kråkenes nr 2 av 47 menn

 

To av Velledalen IL sine største «stayarar», Malin Berge og Hilmar Kråkenes, debuterte begge i den nye populær-sporten (Backyard Ultra) på Åndalsnes sist laurdag. Malin vart nummer to av 23 startande kvinner, Hilmar nummer to av 47 startande menn

 

Seks kvinner fullførte alle tolv rundane – her er dei fire beste:

  1. Siw Kathrine Tokle, 8.08.06
  2. Malin Berge, Velledalen IL, 8.26.35
  3. Rikke Gjeitnes Dahle, 8.54.31
  4. Linda Hovde, 9.09.11

 

Fire beste herrar:

  1. Ole Loftesnes, 6.20.52
  2. Hilmar Kråkenes, Velledalen IL, 6.38.13
  3. Ola Valaas Jensen-Skare, 6.47.46
  4. Ola Hovdenakk, 6.52.19

Frank Andersen deltok også frå Velledalen IL, men stod av etter tre rundar grunna migrene-trøbbel

 

Kos dykk med rapporten Hilmar har sendt oss frå løpet og resultatlistene som ligg ved:

Rauma Backyard Ultra gjennomført 4. oktober.

Plassering nr.2 av 47

 

Tid brukt på 80,4 km blei: 6 timar 38 minuttar og 13 sekundar (4:57 min/kilometer) og dette var i terreng.

Ei av dei største opplevingane i mi løpskarriere. Berre Oslo Bergen Trail har klart å vekkje eit liknande følelsesregister.

Fyrste runde gjekk greitt, men eg kjende smerter i hals og bryst. Truleg var ein forkjøling på gang, som eg måtte halde i sjakk gjennom heile dagen. Heldigvis kjende eg meg betre i runde 2 og 3.

I runde 4, 5 og 6 fekk eg skikkeleg trøbbel med lysken. Eg bestemte meg for å roe ned tempoet, og håpa kroppen ville spele på lag slik at eg kunne fullføre alle dei 12 rundane. 

Frå runde 7 til 9 gjekk det stadig betre. Ja, Karl Idar Vik – det verkar som beina treng 50–60 km før dei slepp taket (kommentar frå Strava etter 8 rundar.


Før runde 10 fekk eg beskjed om at eg låg 7 minutt føre nummer 2. Fyrsteplassen var i ei eiga klasse denne dagen, så fokuset dei siste tre rundane blei å halde unna nummer 3.

Åse Maria Lien kom til Åndalsnes å heia frå runde 9. Ho hadde med seg kaffe mocha (iskaffe), kylling og ris og anna snacks. Tusen takk Bilde er fjernet av sender. ��

Eg enda på 2. plass av 47 menn i mitt aller fyrste Backyard Ultra – og det er eg svært nøgd med!

Det var mykje vind gjennom heile dagen. 

Dei to fyrste rundane handla mest om å navigere rundt tre, greiner og kvist som låg i løypa, men dette blei ordna etter kvart. 

Arrangøren fekk tilkalla folk som rydda traseen.

Eg vil rette ein stor takk til arrangøren som sto på gjennom heile dagen.

Velledalen ILSportS Måløy

Biletene er tatt av Petter Engdahl

  

Helsing Hilmar Kråkenes



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.