VIL-statistikk: Maraton (42 195 meter) 2025

Postet av Atle Jomar Hole den 8. Okt 2025

 

Berre toppane har sprunge maraton siste året

 

Medan VIL-statistikken for 2025 per 5.oktober har imponerande 32 namn på lista på distansen halvmaraton, har den fattige seks namn på lista over den doble distansen. Og det er langt på veg dei skarpaste «knivane» som har delteke.

 

STATISTIKK, MARATON, I PERIODEN 1.JANUAR – TIL 5.OKTOBER 2025:

HERRAR:

2.28.06: Espen Utgård Sæther (M 23-34) – København, mai 25

2.36.05: Njål Torillson Tyssing (M 40-44) – Oslo, sept. 25

2.54.30: Hilmar Kråkenes (M 45–49) – Ålesund, juni 25

 

Alle desse tre karane har gjort to maraton hittil i sesongen. Alle seks løpa med ei sluttid under tre timar. Njål skal etter planen gjere eit tredje, i New York, fyrste helga i november. Elles er det ei gåte kvifor det berre er «kremen» i Velledalen IL som spring maraton…. Medan haugevis av løparar stiller under løp som Fyr til fyr, Hornindal Rundt og Stranda Fjord Trail Race, som er ei langt tøffare kraftprøve både for kropp og sjel, enn eit heilmaraton på snikke,slett underlag. Og der eit maraton har klårt lågare konkurransetid. Vi håper dette er siste året vi treng presentere ei så «spissa» maratonliste både for kvinner og menn. Alle må ha klart føre seg, at på slike statistikk-lister er det dei svakaste løparane som er dei viktigaste. Det er dei som gjer at nye utøvarar, som ikkje alt har vist styrke, tør prøve seg. Ei eliteprega liste, slik den vi i år presenterer for maraton herrar, har stikk motsett kraft i seg – den dreg ikkje dei svakaste inn på lista, men held dei heller unna.  Ei debutant-tid for ein ung herre på i overkant av fire timar – og noko meir for ei kvinne - er eit glitrande utgangspunkt for seinare framgang. Berre så DET er sagt, for personar som tel på knappane om dei skal prøve. Vi heiar på slike som Johanne Hjortdal – ho har alt meldt seg på Oslo Maraton 2026!

 

KVINNER:

3.36.33: Mali Berge (K 23-34) – Jølster, juli 25

3.43.27: Oda Alette K. Hole (K 23-34) – Oslo, sept. 25

4.14.08: Emma Olin Holmberg (K 23-34) – Tr.heim, sept.25

Og vi tek med at Maria Fet (Ørsta) gjorde 4.18.14 i Ålesund (juni 25). Ho er ikkje VIL-medlem, men er velkomen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.