Rosa Sløyfe: Stor dag for Fagerlivegen Løpeklubb
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Okt 2025
Tok dobbelsiger på 3 km under lågterskel-løp i Sykkylven
Tida er ALDRI det viktigaste under eit Rosa Sløyfe-løp. Ikkje å kome fyrst i mål heller. Men truleg smaka det likevel godt for den heller ferske klubben på Stranda – Fagerlivegen Løpeklubb – at dei fekk raskaste herre på tre kilometer i Kristoffer Joranger, og raskaste kvinne i Eline Langlo. Altså dobbel-siger på sykkylvsk grunn!
Arrangøren av løpet, Velledalen IL, hadde før løpet gått ut med at det ikkje skulle takast tider, samstundes som dei melde at årets løp hadde tre kilometer som hovud-distanse. Forholda under årets løp var det beste nokon gong, grunna lite vind. At det regnar, har vorte tradisjon. Deltakinga var upåklageleg i vaksenløpet, noko svakare i barneløpet, men kring 180 totalt er bra tal, for ei god sak!
Sjølv om det ikkje skulle takast tider var det somme av løparane på 5 km som gjerne ville ha løp MED tidtaking. VIL-Nett har fått ei liste med tider som vi legg ut – i urangert rekkefylgje:
26.47: Alice Blindheim
22.46: Ola Leichty Drotninghaug
24.14: Ingvild Leichty
24.15: Mari Leichty
24.25: Tormod Klokk
22.55: Lars Netland Brunstad
26.12: Eline Lium Fougner
20.50: Øystein Bakke
23.07: Trond Bonesmo
26.36: Espen Grimstvedt
18.41: Sivert Nakken
Alle desse er tider på 5 km, og alle er rikeleg sterke nok til å kunne hive seg med på karusell-løpa i Ålesund komande haust/vinter.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.