Du kan no melde inn ønskje til arbeidsoppgåve under Førjulsmessa
Postet av Henning Tandstad den 12. Okt 2025
Arbeidet med arbeidslistene til Førjulsmessa er så smått i gong
Dei siste åra har Velledalen IL arrangert Førjulsmessa åleine. Det trengst mykje folk, men heldigvis har vi positive medlemar og brukarar av laget sine aktivitetar som gledeleg stiller på til sine oppgåver. Vi vil at folk skal ha høve til å sende inn ønskje til kva dei vil gjere.
Om nokon andre (som t.d. ikkje er medlemar) likar arbeidet til Velledalen IL og ønskjer å gjere eit bidrag, er desse sjølvsagt også velkomne til å melde seg til teneste!
Er det noko spesielt du har lyst å gjere, eller om du vil gjere meir enn ein ting, skal vi prøve å sette opp lista for å oppfylle desse ønskja. (NB: Vi vil sy i hop lista best mogleg, men her er ingen lovnader på at alle ønskje blir oppfylde.)
I hovudsak er oppgåvene: Sette opp bord og stolar (10 personar, ei kjapp ykt fredag og sundag), levere tombolavinstar (her treng vi mange!) og levere kake (det trengst normalt om lag 50 kaker), Kjøkkenteneste (minst 20 personar - NB! Berre «halv dag») samt ryddehjelp, nattevakter, tombolamannskap og parkeringsvakter.
Premiestøtte til tombolavinstar er og eit viktig bidrag. Dette kan vippsast på nr. #100921.
Ønskjer kan meldast til Ann-Helen Hole/Henning Tandstad.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.