Tida går: Ole Jostein Fet har passert 70
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Okt 2025
Tida let seg ikkje stogge. 1.klassingane frå Velledalen skule sitt opningsår – 1963 – har byrja passere 70 år.
Dei 16 fyrsteklassingane dette året var fødde i 1955 og 1956. Den gongen var det ganske vanleg at elevar fødde seint på året, venta til året etter med skulestarten. Såleis hadde dette kullet elevar fødde i 1955, men dei klart fleste, var fødde i 1956. Her er namna (den gongen var det to kjønn og vi var åtte av kvar sort):
Jenter: Gunhild Fet, Astrid Drabløs, Gunnvor Velle, Sissel Brunstad, Berit Myhre, Ann Kristin Hole, Torill Hole og Gerd Bolstad.
Gutar: Ole Jostein Fet, Jan Petter Fet, Karsten Fet, Hans Olav Drabløs, Dagfinn Hjortdal, Ole Petter Berge, Atle Hole og Pål Rune Lødemel.
Klassa hedde tre gutar frå Fet. Og i går, sundag 12.oktober, passerte Ole Jostein Fet 70 år. Hugsar eg rett var fire elevar i kullet fødde i 1955. så det vert nokre jubileum i år, medan resten kjem i tur og orden utover i 2026.
Sidan dette er eit sportsleg organ, må vi skrive litt om Ole Jostein frå den fronten. Han var utan tvil Velledalen IL sin beste alpinist av dei som var fødd på 50-talet. Kanskje ikkje så underleg sidan mora, Margit, var Velledalen IL sin fyrste kvinnelege bygdameister i alpint, og faren var æresmedlem i Velledalen IL. Han hadde talent også innan løp og kast og kvalifiserte seg såleis til friidrettsfinalen for folkeskule-elevar avgangsåret på Velledalen skule. Finalearena: Aksla stadion. Ole Jostein hadde god spenst og koordinering, noko som gjorde han til ein hardtslåande og dyktig volleyballspelar. Han var ein glitrande fotball-spelar og fekk sin A-lags debut som 16-åring i 1972, på den tida VRF var på sitt beste. Han var krumtapp på midtstopparplass då VRF gjorde sitt siste opprykk til nivå 3 i 1978, og like eins under laget sin siste sesongdette nivået i 1979. I 1978 hadde VRF den lågaste forsvarsrekka i høgde (ingen over 180 cm) men sleppte inn færrast mål (17 på 18 kampar). Men laget hadde ein målmann som slo frå seg i feltarbeidet. Fekk Leiv Alnes fri bane braut han ned det meste. Dei som våga gå i duell med han, låg som regel att – i smerte.
Ole Jostein la opp som fotballspelar når han var på sitt beste – berre 24 år gamal. Men han sette tvillause spor på VRF – ein klubb som diverre har takka for seg på det sportslege planet.
Våren 2025 sat eg i 17.mai komitéen, programkomitéen, saman med Ole Jostein. Medan vi venta på folketoget diskuterte vi litt kva livet hadde gitt oss. Vi konkluderte ikkje, men var samde om at når ein person nærmar seg 70 år, ja, då er vedkomande kvalifisert til å meine noko om kva dette vi kallar eit MENNESKELIV er for noko. Og faktisk var vi ganske så samde, men held innhalde hemmeleg
Sluttleg gratulerer eg Ole Jostein med overstått 70 års dag! Og takkar ein kjekk skulekamerat for gode minne gjennom barndom, ungdom og vaksenliv! Måtte pensjonistdagane dine bli mange, helsesterke, og minnerike!
Beste helsing
Atle Jomar Hole
Klassekamerat & Midtstoppar-kollega i Velledalen & Ringen Fotballag
PS: Foto frå tida vi var på vårt vakraste
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.