Brunstad-ekspressen: 2.52.50 best i landet
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Okt 2025
Dommen over løpet i Budapest vart sett i kafeavdelinga ved Nærbutikken Velledalen i går.
Under ettermiddagsmøtet i kafeavdelinga måndag 13.oktober vart det slege fast at Sverre Gunnar Brunstad sitt storløp i Budapest (2.52.50) hadde dette i seg:
- 6.beste tid i Noreg i klasse M 55-59 hittil i 2025
- Beste tid i Noreg av ein utøvar fødd i 1967 hittil i 2025.
Altså; sesongen er snart over. Men det vert arrangert ei rekkje heilmaraton i løpet av dei to og ein halv månad som er att av året. Men Sverre Gunnar er altså best av 1967-årgang (kjelde Kondis). Og han kjem ikkje til å bli vippa langt nedover på lista, heller – det endelege resultatet kjem ved årsskiftet 2025/2026.
Foto: Friidrettsgruppa sine menn, herr Bøe og herr Mauren, er særs nøgde med Sverre Gunnar sine 2.52.50 frå Budapest

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.