Topp-5 trimpostane: 15.plass - Høgsætra Fet

Postet av Atle Jomar Hole den 22. Okt 2025

 

Sjå kven som gjekk flest turar til Høgsætra Fet i perioden oktober 2024 – oktober 2025

 

Ikkje noko nytt at trimposten ved Høgsætra Fet kjempar på nedre del av tabellen, som det heiter på fotballspråket. Stort sett har sisteplassen mellom Velledalen IL sine 15 postar vore eit oppgjer mellom postane på Høgsætra Fet og Holetindane. I perioden oktober 2024 – oktober 2025 tok Høgsætra trimpost sisteplassen med glans. Med fattige 44 noteringar i løpet av året.

 

På topp-5 lista vart det tett. Det skulle ikkje store innsatsen til for å kome inn på lista, sidan to turar heldt til 5.plass.

Her er namna til dei ivrigaste vandrarane til trimposten Høgsætra Fet i perioden oktober 2024 til oktober 2025:

6 turar: Nils Terje Skylstad

6 turar: Lars Even Hatlemark

5 turar: Inger Anne Brunstad

3 turar: Christin Eidem

2 turar: Stein Arve Drabløs

 

Alle trimpostvinnarane vert premierte under ei felles samling seinare i haust. Det er såleis på sin plass å gratulerer Nils Terje Skylstad og Lars Even Hatlemark med delt triumf.

 

15. Høgsætra Fet – 44 noteringar – postvinnar Nils Terje Skylstad/Lars Even Hatlemark


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.