Skogsvegen Fet: Ung vinnar – bravo Lovise!

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Okt 2025

 

Skogsvegen Fet greidde 12.plassen på lista, med sjeldan ung vinnar i Lovise Bøe.

 

Sist nokon av Velledalen IL sine 15 trimpostar hadde ein ung vinnar var det også ei kvinne. I god tid før korona-pandemien vann nemleg Oleanne Hole trimposten i Holemarka. I år var det Lovise Bøe som tok eit «stikk» i skogsvegen Fet etter relativ tett kamp mot Ingrid Peeters. I perioden oktober 24 til oktober 25 greidde posten 195 noteringar. Det mest oppsiktsvekkjande er at alle på topp-5 lista er busette framma brauta, og at posten som gir fire poeng per tur er sterkt kvinne-dominert. Sjå tala!

 

TOPP – 5 SKOGSVEGEN FET, PERIODEN OKT.24 TIL OKT.25:

44 turar: Lovise Bøe

40 turar: Ingrid Peeters

13 turar: Inger Anne Brunstad

  9 turar: Anne Britt Hammer

  8 turar: Alf Petter Bøe

 

STODA MELLOM DEI ULIKE POSTANE:

12. Skogsvegen Fet – 195 noteringar (Lovise Bøe postvinnar)

13. Hytta Brunstadkølen – 130 noteringar (Veronika Ulriksen)

14. Holetindane – 69 noteringar (Nils Terje Skylstad)

15. Høgsætra Fet – 44 noteringar (Nils Terje Skylstad/Lars Even Hatlemark)

 

POSTVINNARAR ETTER KJØNN:

Kvinner – Menn 2-2


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.