Stor takk for 3700 grasrotkroner i oktober!
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Nov 2025
Talet givarar var stabil gjennom heile månaden; 92
Støtteordninga med grasrotkroner er ei særs god ordning for lag og foreiningar. Etter at 10 månadar av året 2025 er over, kan vi slå fast at ordninga vil ende på kring 39 000 for Velledalen IL sin del. Oktober gav 3700 kroner på konto til kasserar Tormod Klokk. Eit godt tal, då berre august månad er betre med 3837.
Talet givarar har ikkje endra seg i løpet av oktober månad. 92 personar både ved inn- og utgang.
Stor takk til desse for verdfull støtte!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.