Per Johan Tronsen stakk av med julebord-premien
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Nov 2025
Etter loddtrekning med Sissel Habostad og Ingvild Straumsheim Leichty.
Tippekonkurransen gjekk ut på at ein skulle tippe talet fullførande under Sørestrandmila (haust). Godt over 50 personar deltok i denne tippinga. Rett svar på konkurransen var 74 fullførande. Det hadde ingen tippa, men Sissel Habostad hadde tippa 76, medan Per Johan Tronsen og Ingvild Straumsheim Leichty begge hadde tippa 72. Altså var desse tre personane like nær.
I går fall avgjersla under ei trekning i kaféavdelinga til Nærbutikken Velledalen, om lag klokka 15.15
Det vart bestemt at personen som trekte høgaste talet frå bingokinna var vinnar. Det gjekk slik:
For Per Johan vart talet 52 trekt ut.
Så kom Ingvild med talet 15
Før Sissel avslutta med talet 48.
Dermed er det Per Johan Tronsen som får gratis julebord på Sobra Scene i Ålesund 29.november i eit fellesarrangement mellom Edru Livsstil Ålesund og Velledalen IL. Vil han ikkje ha premien kan den overleverast til andre – i så fall gi beskjed til Alf Petter Bøe.
Det fine er Ingvild Straumsheim Leichty og Sissel Habostad (og alle andre) kan delta på dette om dei vil, sidan det er eit opne arrangement. Men det vil i tilfelle koste 500 kroner.
Rett trekning vert stadfesta av:
Alf Petter Bøe – bingokinnar
Roger Malvin Hole – som filma seansen
Atle Jomar Hole – kommentator og regi.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.