Yr melder perfekt Førjulsmesse-vêr 8.og 9.nov
Postet av Atle Jomar Hole den 2. Nov 2025
Rapport seks dagar før ei fullteikna messe i Velledalen grendahus
Årets Førjulsmesse-datoar er 8. og 9. november. Laurdagen i tidsrommet 11.00 -17.00, sundagen i tidsrommet11.00-16.00.
I Velledalen IL er det tradisjon for at arrangementa lever lenge (jmf Romjulsmarsjen med oppstart i 1979). Den fyrste salsutstillinga med hovudvekt på handverk fann stad våren 1993, men alt i 1994 vart tidspunktet flytta til før jul. Den gong i regi av VRF med Liv Nordli Hole som drivande kraft. På det meste samarbeidde fire lag om arrangementet. No er Velledalen IL åleine att, i år med Myriam Van Wunsel som messesjef. Messa er arrangert kvart einaste år – sidan 1994 som Førjulsmesse – unnateke to covidår tidleg på 2020-talet.
Yr seier at Førjulsmesse-vêret i 2025 vert nærast perfekt:
Laurdag 8.nov: Overskya opphaldsvêr, 11-12 pluss-grader, ingen vind eller nedbør på dagtid.
Sundag 9.nov: Overskya opphaldsvêr, 10-11 grader, ingen vind eller nedbør på dagtid.
Kanskje er Kjetil Pål Brunstad eller Per-Gunnar Holmberg like sikre som Yr, men treff dei vert det nærast perfekt, og midt i blinken for ute-stand
Kva har messa å by på:
Fyrst og fremst utstillarar, både nye og gjengangarar – og det er viktig at vi støttar desse.
Stor tombola begge dagar.
Loddbøker- der flotte vinstar kan vinnast.
Kaféavdeling, mellom anna med gode kaker til godt unna kaféprisar.
Velledalen IL har sal av klubb-klede.
Førjulsmessa fungerer som ein sosial samlingsstad. Mange finn her gode samtalepartnarar over ein kopp kaffi. Dessutan er det for Velledalen IL ein fin test av klubb-maskineriet.
Og vi nyttar høvet til å minne om levering av tombola-vinstar og kaker, og at folk som «kjøper seg fri» må hugse å vippse pengar i rett tid.
Det vil kome meir stoff om Førjulsmessa 25 i dagane framover.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.