MARATON NEW YORK: Borte bra, heime best for Njål

Postet av Atle Jomar Hole den 2. Nov 2025

 

Kom like over det han sjølv kallar «skammens grense» (2.40) med sluttida 2.41.41

 

Njål Torillson Tyssing har sprunge tre heilmaraton i 2025. Han opna i Tokyo i mars (2.41.27), heldt fram i Oslo i september (2.36.05) før han avslutta i New York tidleg i november (2.41.41). Altså mest same tid i Tokyo og New York, men klart raskast i Oslo. Med andre ord; borte bra men heime best!

 

Før løpet drøymde Njål om 1.17.30 i fyrste halvmaraton. Det vart 1.18.38. Så balla det på seg, slik det ofte gjer i andre halvdel med tida 1.23.03. Det som sikkert undrar mange er at «måleapparatet» hans som går på lenge seier han har sprunge 42 780 meter, som er nær på 600 meter lenger enn maratondistansen. 600 meter for ein tom maratonløpar av Njål sitt kaliber utgjer bortimot tre minutt. Men som vi såg på Eurosport – ei maurtue av løparar gjorde nok at det ikkje er lett å halde stø kurs.

 

Slik skildra han løpet sitt på Strava:

  • NEW YORK MARATHON 2.41.41 ( 1.18.38/ 1.23.03)
  • For ein dag i NY! Fantastisk vêr og vindstille. Gjennom Brooklyn var det som å bli løfta fram, og hybrisen tok godt! Kjente det tidleg at eg er ikkje trent for slik herjing av lårmusklaturen. Men heldt greitt fram til 35 km.Deretter var det gågging gjennom Central Park (igjen). Hadde nok gått om det var sosialt akseptabelt, dei siste to kilometerane. Heilt knust i mål til ein krevjande positiv splitt, og over skammens grense på 2.40. Jaja. Hadde seint utsjekk til 12.30, og var ferdig dusja 12.33. Og strake vegen til flyplassen. No fly og kramper på veg heim.

 

Njål sitt løp i New York var det åttande heilmaratonløpet gjort av ein løpar frå Velledalen IL denne sesongen. Alle åtte løpa har kryssa mållina på under tre timar.

Vi som sit her lokalt er stolte av Njål sin prestasjon – han har eit snitt på 2.39-talet på sine løp denne sesongen. Sterkt av ein utøvar godt oppe i 40-åra!!

 

I morgon skal vi prøve finne ein del norske resultat frå løpet i New York.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.