Bruna trimpost: Ikkje på pallen i år – vart nr.4
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Nov 2025

Smaug seg fattige 29 turar føre Dammen Riksheimdalen på lista.
Før eller seinare vil som regel alle stjerner falme. Slik også med Bruna trimpost. I mange år sjølvaste flaggskipet mellom Velledalen IL sine postar. På det beste 4851 noteringar i løpet av ein sesong. I perioden 2009 – 2025 har posten ti gonger hatt over 4000 noteringar. I tillegg ein gong 3999. I året frå oktober 2024 til oktober 2025 måtte posten nøye seg med 1564 signeringar, det minste nokon gong. Og altså 4.plass mellom Velledalen IL sine 15 postar.
TOPP-5 BRUNA TRIMPOST OKT. 24 – OKT. 25:
271 turar: Ingunn Hole Hunnes
242 turar: Inger Anne Riksheim
218 turar: Inger Anne Fet
61 turar: Einar Magne Fet
49 turar: Robert Kalvatn
Som vi ser er vinnaren av posten av god «trimpost-slekt». Broren Elling har vunne posten på Myrdalsfjellet og syskenborn, Bård Per, har vunne posten i Riksheimdalen.
STODA MELLOM DEI ULIKE POSTANE:
4. Bruna trimpost – 1564 noteringar (Ingunn Hole Hunnes postvinnar)
5. Dammen Riksheimdalen 1535 noteringar (Bård Per Erstad)
6. Velle sætra – 950 noteringar (Kjell Skogvold)
7. Skogsvegen Hjorthol – 930 noteringar (Ingrid Brudevoll)
8. Skogsvegen Drabløs – 643 noteringar (Annlaug Lervåg)
9. Myrdalsfjellet – 598 noteringar (Elling Hole)
10. Koppen – 561 noteringar (Ingrid Brudevoll)
11. Regndalen - 242 noteringar (Geir Helge Grebstad)
12. Skogsvegen Fet – 195 noteringar (Lovise Bøe)
13. Hytta Brunstadkølen – 130 noteringar (Veronika Ulriksen)
14. Holetindane – 69 noteringar (Nils Terje Skystad)
15. Høgsætra Fet – 44 noteringar (Nils Terje Skylstad/Lars Even Hatlemark)
POSTVINNARAR ETTER KJØNN:
Kvinner – Menn 6-6
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.