Sætreelva i Holemarka 3.beste trimpost
Postet av Atle Jomar Hole den 4. Nov 2025
Trimposten ved sætreelva i Holemarka kapra 3.plassen med 1918 noteringar.
Den mest familievenlege trimposten – i den forstand at ein lettast kan ta seg dit med barnevogn – hadde ein sterk sesong. I perioden oktober 2024 til oktober 2025 vart det registrert 1918 besøk, like bak bestenoteringa ved posten på 1942 (2020). Det svakaste resultatet for denne posten i perioden 2009-2025 er 997 bok-signeringar i 2018.
Posten er elles den mest internasjonale av VIL sine 15 postar. Som i 2024 er det i 2025 personar frå tre nasjonar inne på topp-5. Og for fyrste gong (er vi temmeleg sikre på), har vi ein trimpost-vinnar frå Belgia – gratulerer Myriam!! Tidlegare har vi hatt trimpostvinnarar frå Polen, Tyskland, Nederland og no altså Belgia. Og kjekt med nye namn inne på lista – honnør til Sissel Beate!
TOPP-5 TRIMPOSTEN VED SÆTREELVA I HOLEMARKA OKT.24 TIL OKT.25:
200 turar: Myriam Van Wunsel
173 turar: Nils Terje Skylstad
122 turar: Ingrid Peeters
108 turar: Sissel Beate Brunstad
100 turar: Atle Jomar Hole
STODA MELLOM DEI ULIKE POSTANE:
3. Sætreelva i Holemarka – 1918 noteringar (Myriam Van Wunsel postvinnar)
4. Bruna trimpost – 1564 noteringar (Ingunn Hole Hunnes)
5. Dammen Riksheimdalen – 1535 noteringar (Bård Per Erstad)
6. Vellesætra - 950 noteringar (Kjell Skogvold)
7. Skogsvegen Hjorthol – 930 noteringar (Ingrid Brudevoll)
8. Skogsvegene Drabløs – 643 noteringar (Annlaug Lervåg)
9. Myrdalsfjellet – 598 noteringar (Elling Ivar Hole)
10. Koppen trimpost – 561 noteringar (Ingrid Brudevoll)
11. Regndalen – 242 noteringar (Geir Helge Grebstad)
12. Skogsvegen Fet – 195 noteringar (Lovise Bøe)
13. Hytta Brunstadkølen – 130 noteringar (Veronika Ulriksen)
14. Holetindane – 69 noteringar (Nils Terje Skylstad)
15. Høgsætra Fet – 44 noteringar (Nils Terje Skylstad/Lars Even Hatlemark)
POSTVINNARAR ETTER KJØNN:
Kvinner – Menn 7-6
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.