Stranda Fjord Trail Race 26: Omlegging av opplegg/påmeldingar
Postet av Atle Jomar Hole den 4. Nov 2025
Stranda Fjord Trail Race vert i 2026 lagt om, med konkurransedagar frå 12.-15.-august
Opplegget for 2026 vert slik:
12.august: Start 95 km klokka 06.00 – start 55 km klokka 08.00
13 august: Start Ljøbrekka express (7 km) klokka 17.00. Konsert Ljøen Fjellgard klokka 19.00
14.august: Barneløp på Strandafjellet i tidsrommet 12.00 – 15.00
15.august: Start 25 km klokka 09.30 – start 14 km klokka 12.00
Interessante namn mellom dei påmelde:
Då nettsida sjekka påmeldingane 4.november klokka 13.00 stod 95 namn på lista. Fleire av dei interessante:
95 KM:
Harald Ringdal, Drammen – onkel til Sigurd Linga. Harald fullførte Oslo-Bergen med glans i sommar.
Hermann Furland, Velledalen IL – tøft gjort, Hermann!
Velledalen IL skal ha matstasjon på Brunstad i løpet over 95 km, så du skal få god pleie der!
55 KM:
Anna Brunstad, Elverum – tek vi ikkje feil er JK her i Velledalen syskjenborn med far hennar.
Ole Martin Korsnes, Velledalen IL – har fullført tøffe løp før.
Kristin Dvergsdal Haugen, Hundeidvik IL
25 KM:
Helene Leonie Rust, Sykkylven, - søster til sjølvaste Constantin.
Her vert det nok fleire VIL-løparar, og flest truleg i hovudløpet over 25 km på den avsluttande laurdagen. Tidleg-påmelding er rimelegast. Så veit du at du skal delta, er det ikkje noko å nøle etter. Hiv inn ei påmelding!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.