Ferskaste trimposten kneip 2.plassen

Postet av Atle Jomar Hole den 5. Nov 2025

 

1953 noteringar i skogsvegen Straumsheim. Reidar Fure 309 åleine.

 

Trimposten i skogsvegen Straumsheim hadde sitt fyrste driftsår i 2021. Dette siste koronaåret gav 2007 noteringar, som er det beste posten har levert. Men 2025 var ikkje langt etter med 1953. Viktigaste brikkene i det gode resultatet var veteran-trioen Reidar Fure, Kåre Hunnes og Einar Fet. Dei tre hadde samla 874 noteringar, eit vesentleg bidrag. Reidar Fure sine 309 turar til posten, er høgaste turtal alle 15 VIL-postar medrekna i perioden oktober 2024 til oktober 2025.

 

TOPP-5 SKOGSVEGEN STRAUMSHEIM OKT. 24 TIL OKT.25:

309 turar: Reidar Fure

298 turar: Kåre Hunnes

267 turar: Einar Fet

  70 turar: Grete F. Strømmegjerde

  67 turar: Odd-Kåre Borvik

 

STODA MELLOM DEI ULIKE POSTANE:

2. Skogsvegen Straumsheim – 1953 noteringar (Reidar Fure postvinnar)

3. Sætreelva Holemarka – 1918 noteringar (Myriam Van Wunsel)

4. Bruna Straumgjerde – 1564 noteringar (Ingunn Hole Hunnes)

5. Dammen Riksheimdalen – 1535 noteringar (Bård Per Erstad)

6. Vellesætra trimpost – 950 noteringar (Kjell Skogvold)

7. Skogsvegen Hjorthol – 930 noteringar (Ingrid Brudevoll)

8. Skogsvegen Drabløs – 643 noteringar ( Annlaug Lervåg)

9. Myrdalsfjellet – 598 noteringar (Elling Ivar Hole)

10. Koppen trimpost – 561 noteringar (Ingrid Brudevoll)

11. Regndalen trimpost – 242 noteringar (Geir Helge Grebstad)

12.Skogsvegen Fet – 195 noteringar (Lovise Bøe)

13. Hytta Brunstadkølen – 130 noteringar (Veronika Ulriksen)

14. Holetindane trimpost – 69 noteringar (Nils Terje Skylstad)

15. Høgsætra Fet – 44 noteringar (Nils Terje Skylstad/Lars Even Hatlemark)

 

POSTVINNARAR ETTER KJØNN

Kvinner – Menn 7-7

 

Då står vinnaren att. Somme har truleg alt resonnert seg fram til kva post det er, kven som er postvinnar og om det er kvinne eller kar.

Svaret får ALLE i morgon.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.