Anders Westrheim: Løft mot slutten av sesongen.
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Nov 2025

Ny pers under Jessheim Vintermaraton i dag med tida 33,50 på 10 km.
Mange VIL-løparar finn forma særdeles seint denne sesongen. I dag vart det sett fleire personlege rekordar i Ålesund Vinterkarusell (løp1), og på Jessheim. På sistnemnde stad hadde Velledalen IL med Anders Westrheim. Han fekk sesongens høgdepunkt under Hytteplanmila, der han for fyrste gong smaug seg under 34 minutt (33.59 vitnar om «timing» i verdsklasse). Sesongens mål var nådd, og difor drog Anders i dag til Jessheim utan sut og med låge skuldrar.
Desto meir gledeleg; stogga klokka i dag på 33.50 for løparen frå Velledalen IL/Upshit Creek. Nummer 29 av 556 på resultatlista 10 km, og sterk 20.plass i klasse M 23-34. Løftet mot slutten av sesongen i 2025 for Anders Westrheim, gjer at vi byrjar tru på ein knall-sesong for mannen i 2026. Oppskrifta er funnen – her er det berre å konservere den, vente og sjå!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.