VIL-leiarar frå 1970-talet ein gong
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Nov 2025
I front frå venstre ser vi kjende karar som Karl B. Lade, Leiv Drotninghaug og Kaspar Fet.
Trioen i front på biletet var mest kjende for arbeidet sitt i Velledalen IL, langrennsgruppa. Men dei tok òg sin tørn i hovudstyret, faktisk alle tre. Her var Karl leiar i 1971 (under baneopninga på Dalemyra), medan både Kaspar Fet og Leiv Drotninghaug seinare sat som nestleiar. Den gongen heitte det forresten formann og nestformann, berre så det er nemnt.
Fotoet, som er lånt ut frå Odd Jostein Drotninghaug sitt arkiv, skriv seg frå Ladalen, som vi kan sjå. Alt tyder på at det er seint på året, og føret av typen klister. Sidan alle tre er relativt lettkledde på overkroppen med oppbretta ermar, må temperaturen vere høveleg bra til vinter å vere. Karane er meir sportslege nedom beltet, med treningsbukse for Kaspar sin del, truleg nikkers på Karl og Leiv.
Vidare ser vi at Kaspar har utstyret på. Ski av merket Fischer, som han sverga ti, både i gode og vonde dagar. Leiv har sparka av seg sine (av same merke), og ser ut til å leske seg med ei solo – eller kanskje Asina – som var like vanleg den tida.
Faktisk har vi mistanke om at fotoet er frå eit merkerenn i regi av Velledalen IL, der alle tre har vore i aksjon. Ingen av dei tre var spesielt godt trena denne tida. Litt røykjing var dei heller ikkje ukjende med. Men dei pla greie krava til skimerke lell (som Alf Petter Bøe ville sagt) Av to grunnar. Fordi dei hadde godt utstyr, og fordi dei var flinke ski-smørjarar.
Til sist nemner vi at årets skigruppe-leiar i VIL, Svein Arne Nakken, truleg misunner trioen snøforholda. Sist vinter vart nemleg ikkje eit einaste av dei tillyste cuprenna i langrenn arrangert. Vi kryssar fingrar og tær for at komande vinter skal bli av eit heilt anna kaliber!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.