Trimpostane samanlagt: Ivar Arne nummer ni
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Nov 2025

Foto frå Honndalen 2025
Frå 10.plassen måtte ein 140 poeng opp for å finne nummer ni, Ivar Arne Flo.
Vi synest det er kjekt med den store breidda som finn hugnad i å gå til Velledalen IL sine trimpostar. Medan 10.plassen gjekk til ei 69 år gamal kvinne busett i Velledalen, gjekk 9.plassen til ein 81 år gamal mann busett på Ikornnes. Ivar Arne Flo har både kunngjort at han la opp – og gjort comeback, som det heiter på idrettsspråket. «Arenaen» hans er Riksheimdalen, dit han har vandra eit hopetal turar gjennom åra.
Ivar Arne er spesialist, som betyr at han har konsentrert seg om posten i Riksheimdalen. Dit kjenner han vegen, dit kan han gå mest i blinde. Og dit hadde han i perioden oktober 24 til oktober 25, heile 217 turar. Med sju poeng per tur vert samla poengfangst då 1519 poeng, noko som i 2025 heldt til plass nummer ni. Godt levert av 81-åringen!
FORMEL-1, TRIMPOSTAR 2025:
9. Ivar Arne Flo – 1519 poeng – 1 post – 217 turar
10. Anita Hjorthol – 1379 poeng – 11 postar – 293 turar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.