Topp-10 trimpostar: Inger Anne nummer åtte
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Nov 2025

På åttande plass finn vi den einaste på topp-10 lista som er i fullt arbeid.
Inger Anne Brunstad vart samanlagt nummer åtte med 1577 poeng siste året. Ho er den einaste under 50 år, og den einaste i fullt arbeid på lista. Det fortel oss at ein må bruke tid – mykje tid – om ein vil hamne på topp-10 samanlagt på Velledalen IL sine trimpostar. Nest beste person i fullt arbeid skal visst nok vere Alf Petter Bøe, på kring 15.plass.
Inger Anne har siste året vore innom 13 av dei 15 postane. Berre Dammen Riksheimdalen og Myrdalsfjellet er ikkje kvittert ut. Ho vart vinnar av posten Brunstadsætra trimpost. Hennar 249 turar dit gav åleine 996 poeng. Nærast kom Vellesætra med 43 turar og 301 poeng. Vi merkar oss elles at ho hadde fem turar til Høgsætra Fet, og var nære på å vinne den posten også. Vi applauderer Inger Anne for 333 turar i perioden oktober 24 til oktober 25!
TOPP-10 TRIMPOSTAR 2025:
8. Inger Anne Brunstad – 1577 poeng – 13 postar – 333 turar
9. Ivar Arne Flo – 1519 poeng – 1 post – 217 turar
10. Anita Hjorthol – 1379 poeng – 11 postar – 293 turar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.