TOPP-10 TRIMPOSTAR: Nils Terje nummer sju
Postet av Atle Jomar Hole den 16. Nov 2025
68-åringen har vore på alle postane og fått med 1677 poeng totalt.
Nils Terje Skylstad er den desidert viktigaste personen i Velledalen IL sitt trimpost-konsept. Han held orden på alt. Det hindrar han ikkje i å sjølv vere ein ivrig vandrar. Nils sine beste postar siste året var Holetindane (630 poeng), sætreelva Holemarka (346 poeng), Myrdalsfjellet (240 poeng) og Hytta ved Brunstadkølen (160 poeng). Han har vore innom alle 15 postane, og vann to av dei. Holetindane, slik han alltid gjer, og delt 1.plass med Lars Even Hatlemark på Høgsætra Fet. Nils sitt turtal i perioden oktober 24 til oktober 25 var 268.
TOPP-10 TRIMPOSTAR 2025:
7. Nils Terje Skylstad – 1677 poeng – 15 postar – 268 turar
8. Inger Anne Riksheim – 1577poeng – 13 postar – 333 turar
9. Ivar Arne Flo – 1519 poeng – 1 post – 217 turar
10. Anita Hjorthol – 1379 poeng – 11 postar – 293 turar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.