Idrettsgalla 3.januar 2026
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Nov 2025

Idrettsgalla for 2025 vert avvikla laurdag 3.januar 2026
Stad for arrangementet vert som i fjor Odd Fellow sitt selskap-lokal i Straumgjerde.
Pris-juryen har meldt at dei ynskjer innspel frå ulike grupperingar med forslag på personar som fortener pris. Og slike finst det mange av i Velledalen IL for året 2025.
Karane i juryen er Alf Petter Bøe (busett Velledalen), Frode Mauren (Ålesund) og Bjørn Arve Brune (Stranda). Somme vil nok meine at dei tre herrane skulle hatt ei kvinne i lag med seg som kunne halde dei i øyrene. Strengt teke burde «Oslo-avdelinga» også vore representert, men vi trur trioen greier jobben på ein god måte.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.