Talet påmelde Hytteplanmila har auka til 12
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Nov 2025

Sterke Anders Westrheim inn i VIL-troppen i går kveld.
I går – 18. november – klokka 12.00 opna påmeldinga til Hytteplanmila 2026.
Tre timar etter opninga sende friidrettsleiar AP Bøe fylgjande melding til nettsida:
- HYTTEPLANMILA: Velledalen IL – Ålesund FIK 11-1
Mange vil skjøne den, men truleg ikkje alle. Den fortel at tre timar etter påmeldinga opna hadde Velledalen IL 11 påmelde, Ålesund Friidrettsklubb 1. Og ÅFIK sin løpar var Mathias Røsberg Mauren, som tidlegare har representert Velledalen IL. I går kveld kom Anders Westrheim inn på lista over VIL-løparar, slik at troppen ved daggry den 19.november talde 12 løparar.
Jaudå, 2026 kan bli ein gild sesong. I skrivande stund med 22 påmelde til BMW Oslo Maraton litt tidlegare på hausten 2026.
Skal vi våge oss på eit nyttårs-ynskje må det vere at vi får helbreda nokre av våre «forholdsvis» mange som slit med skadar. Somme av dei har hatt ein traurig sesong.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.