TOPP-10 TRIMPOSTAR: Bård nest best
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Nov 2025
Bård Erstad gjorde eit kjempebyks – frå 10.plass med 1295 poeng i fjor, til 2.plass og 1995 poeng i år.
Bård Erstad (82) samla nest mest trimpoeng i perioden frå okt.24 til okt.25. Han auka doseringa frå 185 turar i fjor, til 285 siste året. Alle turane gjekk til trimposten ved Dammen i Riksheimdalen. Og med sju poeng per tur kom han opp i 1995 poeng. 20 poeng meir enn Ingunn Hole Hunnes hadde på 3.plass. Med Bård inne på topp-10 lista har tre menn over 80 år slege seg inn på samanlagtlista – rett og slett imponerande.! Dei tre er Ivar Arne Flo, Elling Ivar Hole og Bård Per Erstad.
Vi nemner at Bård har eit særdeles langt rulleblad som idretts-utøvar. Aller mest kjend som drivande fotballspelar hjå VRF, ein særs dyktig skiløpar i Velledalen IL, der han mellom anna var den fyrste i klubben som gjekk Birkebeiner-rennet. Han har ei god karriere som stafett-løpar (mellom anna med fleire Holmenkoll-stafettar) , som hesteskokastar, og sist men ikkje minst som trimpost-vandrar.
TOPP-10 TRIMPOSTAR 2025:
2. Bård Per Erstad, 1995 poeng – 1 post – 285 turar
3. Ingunn Hole Hunnes, 1975 poeng – 5 postar – 302 turar
4. Inger Anna Fet, 1892 poeng – 6 postar – 282 turar
5. Elling Ivar Hole, 1832 poeng – 15 postar – 230 turar
6. Inger Riksheim, 1696 poeng – 2 postar – 243 turar
7. Nils Terje Skylstad, 1677 poeng – 15 postar – 268 turar
8. Inger Anne Brunstad, 1577 poeng – 13 postar – 333 turar
9. Ivar Arne Flo, 1519 poeng – 1 post – 217 turar
10. Anita Hjorthol, 1379 poeng – 11 postar – 293 turar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.