TOPP-10 TRIMPOSTAR: Ingrid suveren vinnar
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Nov 2025
Ingrid Brudevoll auka både talet på turar og poeng, og vart suveren vinnar med ein margin på 543 poeng til nummer to.
Treff nokon Ingrid Brudevoll ein av dei næraste dagane så ta henne i handa og trykk den! Ingrid vart nemleg suveren trimpost-vinnar på samanlagtlista over poeng samla på Velledalen IL sine 15 postar. Ingrid gjekk siste året ikkje mindre enn 437 turar (mot 421 i 2024) som gav 2538 poeng (2413 poeng i 2024). Ho forsvara altså tittelen frå 2024. Då var Ingrid 120 poeng føre hardaste konkurrent, Ingunn Hole Hunnes, i år var 74-åringen 543 poeng føre Bård Per Erstad på andre plass.
Her er Ingrid Brudevoll sitt trimpost rulleblad for perioden oktober 24 til oktober 25:
188 turar skogsvegen Hjorthol – 376 poeng
122 turar til Koppen – 1220 poeng
64 turar til Myrdalsfjellet – 640 poeng
30 turar Brunstadsætra – 120 poeng
14 turar sætreelva i Holemarka – 28 poeng
2 turar hytta Brunstadkølen – 40 poeng
1 tur dammen Riksheimdalen – 7 poeng
1 tur skogsvegen Drabløs – 2 poeng
SAMLA: 437 turar til ni postar – 2538 poeng.
TOPP-10 TRIMPOSTAR VELLEDALEN IL 2025:
- Ingrid Brudevoll 2538 poeng – 9 postar – 437 turar
- Bård Per Erstad 1995 poeng – 1 post – 285 turar
- Ingunn Hole Hunnes 1975 poeng – 5 postar – 302 turar
- Inger Anna Fet 1892 poeng – 6 postar – 282 turar
- Elling Ivar Hole 1832 poeng – 15 postar - 230 turar
- Inger Riksheim 1696 poeng – 2 postar – 243 turar
- Nils Terje Skylstad 1677 poeng – 15 postar – 268 turar
- Inger Anne Brunstad 1577 poeng – 13 postar – 333 turar
- Ivar Arne Flo 1519 poeng – 1 post – 217 turar
- Anita Hjorthol 1379 poeng – 11 postar – 293 turar
NØKKELTAL TIL TOPP-10 LISTA:
Seks av ti utøvarar på topp-10 har førenamn som byrjar på I.
Inger Anne Brunstad er den yngste på lista med sine 48 år.
Elling Ivar Hole er eldst. Han vert 85 år i mai 2026.
Inger Anne Brunstad er den einaste inne på topp-10 som er i fullt arbeid.
Dei øvrige ni er pensjonistar.
Tre av utøvarane på topp-10 lista er over 80 år.
Ingrid Brudevoll har flest turar med 437 i løpet av eitt år.
Det er seks kvinner og fire menn på topp-10 i 2025.
Snittalderen på utøvarane inne på topp-10 i 2025 er 73 år, samanlagt-vinnaren 74.
Topp-5 har alderen 74 – 82 – 77 – 78 – 84 – FANTASTISK FLOTT!
Gjennomsnittleg turtal i året på topp-10 er 289 turar.
Største byks i positiv retning: Bård Erstad – nr 10 i 2024, nummer to i 2025.
Velledalen IL sine 15 trimpostar er «veteranidrett» (gløym ikkje at du er veteran når du fyller 35) og undervurdert folkehelsearbeid av beste merke.
I ein kjend song heiter det i teksten: «Life is a short trip».
Det kan så vere, men det held ikkje med nokre korte turar om ein vil inn på topp-10 trimpostar Velledalen IL. Alle skjønar det, etter å ha lese denne vesle rapporten.
Men takk til alle som har bidrege siste året – anten ein går mykje, eller stoggar på 11 turar i året. ALLE er like velkomne, og vi er takksame for alle som skriv seg inn.
NB!!: ALL TRIMPOST-STATISTIKK ER LEVERT AV NILS TERJE SKYLSTAD – STOR TAKK TIL HAN!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.