Fantastisk stabilt på trimpostane to siste åra
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Nov 2025
Er det store endringar på topp-10 trimpostar frå 2024 til 2025…?
Svaret er NEI. Det er så stabilt at det nesten er til å bli skremd av. Ni av namna på topp-10 i 2024 finn ein att i 2025. Fleire av dei til og med med same plassering! Her kjem ei oversikt:
Ingrid Brudevoll nummer 1 i 2024 og nummer 1 i 2025.
Ingunn Hole Hunnes nummer 2 i 2024 og nummer 3 i 2025.
Inger Riksheim nummer 3 i 2024, sleppte seg ned til 6. plass i 2025.
Inger Anna Fet nummer 4 i 2024 og nummer 4 i 2025.
Elling Ivar Hole nummer 5 i 2024 og nummer 5 i 2025.
Anita Hjorthol nummer 6 i 2024, sleppte seg ned til 10.plass i 2025.
Nils Terje Skylstad nummer 7 i 2024 og nummer 7 i 2025.
Inger Anne Brunstad nummer 8 i 2024 og nummer 8 i 2025.
Einar Fet nummer 9 i 2024, ute av lista i 2025, der Ivar Flo vart nummer 9.
Bård Per Erstad nummer 10 i 2024, bykste opp til nummer 2 i 2025.
Einaste endring på namna frå 2024 til 2025, er at Einar Fet (81) vart erstatta av Ivar Flo (81).
Fem av dei ti på lista i 2024, har på fenomenalt vis makta nøyaktig same plassering året etter, i 2025
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.