2.løp Ålesund Vinterkarusell: Meld deg på!
Postet av Atle Jomar Hole den 30. Nov 2025
Gjer som Ludvig With – han har meldt seg på til andre løpet i Ålesund Vinterkarusell!
Datoen er sundag 14.desember, med start klokka 13.00 (Fremmerholen). Som vanleg valfritt 5- eller 10 km når det gjeld distansar. Og premiering etter siste løpet 8.mars, til alle som fullfører tre løp eller fleire. I år medaljar med diameter 7 centimeter vert det meldt.
Desse løpa er fine som lågterskel treningsløp. Velledalen IL har som mål at vi skal rekruttere desse løpa med minst 50 deltakarar, eller eit snitt på 10 deltakarar eller meir kvar gong, og at vi skal greie minst ti premierte løparar etter siste løp. Og det opna særs godt, med 15 deltakarar under løpet 9.november
Sundag 30.november klokka 13.00 hadde åtte løparar meldt seg på til Vinterkarusellen Ålesund sitt andre løp. Fyrste løpet 9.november samla 144 deltakarar (ny rekord) under perfekte forhold. Mellom dei påmelde til løp to finn vi vår eigen skarpskodde løpar Ludvig With. Han spring denne gongen 5 km. Men vi skal vel opp i tosifra deltakaratal den 14 desember og, Velledalen IL….?
NB! Påmelding gjennom EQ-timing – merk at påmeldinga til komande løp stoggar 30 minutt før løpsstart, dette for å minske trykket på arrangøren.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.