28.desember: Siste «dans» for Fridtjof i M 55-59
Postet av Atle Jomar Hole den 2. Des 2025

arkivfoto frå 2022
Fridtjof Fredriksen gjer 28.desember sitt siste løp i klasse M 55-59 under Ålesund Nyttårsmaraton.
Nytt år betyr eit hopp i alder for alle. Men sidan det stort sett vert operert med fireårs-intervall, er det langt frå alle som skifter klasse. Fire løparar frå Velledalen IL har hittil meldt seg på halvmaraton under Ålesund Nyttårsmaraton. To av desse gjer sine siste løp i noverande klasse. Det er Malin Berge og Fridtjof Fredriksen. Frå 1.januar 2026 vil Malin operere i klasse K 35-39, medan Fridtjof vil måtte sjå – anten han likar det eller ikkje – M 60-64 bak namnet sitt.
Fridtjof har ei lang fartstid i lokal idrett. Både innan langrenn og løp. Faktisk heilt tilbake til gute-alder, og difor skal vi konsentrere oss litt om Fridtjof denne gongen. Eksempelvis kan vi nemne at han vart nest beste sunnmøring under Fylkesmeisterskapen i klasse G 14 år i 1981. Resultata såg slik ut:
- Anton Olaf Borvik, Vågane, 15.27
- Ola Mikkelsen, Surnadal, 15.34
- Tor Kristian Røkke, MOI, 16.05
- Terje Strand, Fræna, 16.27
- Are Nerem, Emblem, 16.30
- Fridtjof Fredriksen, Sykkylven, 16.36
- Joar Eidem, Sykkylven, 16.46
- Arne Melvik Bergset, Vistdal, 16.51
Frå same året har vi resultatlista frå KM i stafett, 12-15 år. Den lyder slik:
- Emblem IL 1.lag, 25.46
- Ørsta IL 1.lag, 25.50
- Sykkylven IL 1.lag, 25.57
- Emblem IL 2.lag, 26.49
- Volda T&IL 1.lag, 27.08
- Ikornnes IL, 27.33
- Sykkylven IL 2.lag, 28.09
- Volda T&IL 2.lag, 28.17
- Hovdebygda IL 1.lag, 28.30
- Velledalen IL 1.lag og Stranda IL, begge 28.38. På Velledalen IL 1.lag gjekk Roger Hole, Svein Nakken og Odd Drotninghaug.
13. Velledalen IL 2.lag, tid ukjent: På laget gjekk Steinar Fet, Anders Straumsheim og Eivind Drabløs.
Fridtjof gjekk ganske sikkert på Sykkylven IL sitt fyrstelag, som vart nummer tre, 11 sekund bak vinnarlaget.
Men det mest imponerande; Sykkylven kommune hadde fire lag mellom dei 10 beste – alder 12-15 år.
Fridtjof Fredriksen går framleis på ski. Saman med Svein Arne nakken er han trygt inne på topp-3 over lista sunnmøringar som har fullført flest Birkebeinerrenn/Vasalopp. Og han spring lange løp. Stort sett alt frå Jordbærdilt (3,2 km) til heilmaraton (42 195 meter). Vi kjenner ikkje til korleis Fridtjof medisinerer seg – reknar med det går i sjølv-medisinering – men mannen er aldri skada. Sjølv om kilometerstanden er høg – truleg heilt i toppen for 1966 modellar i Sykkylven, ser vi ikkje teikn til karosseriskadar. Elles er Fridtjof ein sosial og jovial kar, som enno sorterer under nemninga «ungkar».
Vi håper ein retteleg stor VIL-tropp vert på plass og hyllar Fridtjof (og kanskje fleire) under siste «dans» i klasse M 55-59. Start/mål på Moa, 28.desember 2025!
Velledalen IL har fleire som skifter klasse 1.januar 2026. Her er nokre av dei:
Sivert Mosby Nakken frå M 20-22 til M 23-34
Andreas Mosby Nakken frå M 20-22 til M 23-34
Malin Berge frå K 23-34 til K 35-39
Svein Arne Nakken frå M 55-59 til M 60-64
Roger Malvin Hole frå M 55-59 til M 60-64
Fridtjof Fredriksen frå M 55-59 til M 60-64
Anita Holmberg frå K 60-64 til K 65-69.
Og det er heilt sikkert fleire som har same lagnad. Dette var slike nettsida kunne ta på ståande fot utan å gå i djupna. Klasseskifte vert nok tøffast for Gyls-tvillingane, som no i ein 11 års bolk skal konkurrere i den tøffaste klassa som finst, M 23-34. Vi trur at fleire av dei nemnde vil ta sitt siste løp i noverande klasse, anten under Ålesund vinterkarusell sitt 2.løp (14.desember) eller under Ålesund Nyttårsmaraton.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.