28.desember: Siste «dans» for Fridtjof i M 55-59

Postet av Atle Jomar Hole den 2. Des 2025

 arkivfoto frå 2022

Fridtjof Fredriksen gjer 28.desember sitt siste løp i klasse M 55-59 under Ålesund Nyttårsmaraton.

 

Nytt år betyr eit hopp i alder for alle. Men sidan det stort sett vert operert med fireårs-intervall, er det langt frå alle som skifter klasse. Fire løparar frå Velledalen IL har hittil meldt seg på halvmaraton under Ålesund Nyttårsmaraton. To av desse gjer sine siste løp i noverande klasse. Det er Malin Berge og Fridtjof Fredriksen. Frå 1.januar 2026 vil Malin operere i klasse K 35-39, medan Fridtjof vil måtte sjå – anten han likar det eller ikkje – M 60-64 bak namnet sitt.

 

Fridtjof har ei lang fartstid i lokal idrett. Både innan langrenn og løp. Faktisk heilt tilbake til gute-alder, og difor skal vi konsentrere oss litt om Fridtjof denne gongen. Eksempelvis kan vi nemne at han vart nest beste sunnmøring under Fylkesmeisterskapen i klasse G 14 år i 1981. Resultata såg slik ut:

 

  1. Anton Olaf Borvik, Vågane, 15.27
  2. Ola Mikkelsen, Surnadal, 15.34
  3. Tor Kristian Røkke, MOI, 16.05
  4. Terje Strand, Fræna, 16.27
  5. Are Nerem, Emblem, 16.30
  6. Fridtjof Fredriksen, Sykkylven, 16.36
  7. Joar Eidem, Sykkylven, 16.46
  8. Arne Melvik Bergset, Vistdal, 16.51

 

Frå same året har vi resultatlista frå KM i stafett, 12-15 år. Den lyder slik:

  1. Emblem IL 1.lag, 25.46
  2. Ørsta IL 1.lag, 25.50
  3. Sykkylven IL 1.lag, 25.57
  4. Emblem IL 2.lag, 26.49
  5. Volda T&IL 1.lag, 27.08
  6. Ikornnes IL, 27.33
  7. Sykkylven IL 2.lag, 28.09
  8. Volda T&IL 2.lag, 28.17
  9. Hovdebygda IL 1.lag, 28.30
  10. Velledalen IL 1.lag og Stranda IL, begge 28.38. På Velledalen IL 1.lag gjekk Roger Hole, Svein Nakken og Odd Drotninghaug.

13. Velledalen IL 2.lag, tid ukjent: På laget gjekk Steinar Fet, Anders Straumsheim og Eivind Drabløs.

 

Fridtjof gjekk ganske sikkert på Sykkylven IL sitt fyrstelag, som vart nummer tre, 11 sekund bak vinnarlaget.

Men det mest imponerande; Sykkylven kommune hadde fire lag mellom dei 10 beste – alder 12-15 år.

 

Fridtjof Fredriksen går framleis på ski. Saman med Svein Arne nakken er han trygt inne på topp-3 over lista sunnmøringar som har fullført flest Birkebeinerrenn/Vasalopp. Og han spring lange løp. Stort sett alt frå Jordbærdilt (3,2 km) til heilmaraton (42 195 meter). Vi kjenner ikkje til korleis Fridtjof medisinerer seg – reknar med det går i sjølv-medisinering – men mannen er aldri skada. Sjølv om kilometerstanden er høg – truleg heilt i toppen for 1966 modellar i Sykkylven, ser vi ikkje teikn til karosseriskadar. Elles er Fridtjof ein sosial og jovial kar, som enno sorterer under nemninga «ungkar».

 

Vi håper ein retteleg stor VIL-tropp vert på plass og hyllar Fridtjof (og kanskje fleire) under siste «dans» i klasse M 55-59. Start/mål på Moa, 28.desember 2025!

 

Velledalen IL har fleire som skifter klasse 1.januar 2026. Her er nokre av dei:

Sivert Mosby Nakken frå M 20-22 til M 23-34

Andreas Mosby Nakken frå M 20-22 til M 23-34

Malin Berge frå K 23-34 til K 35-39

Svein Arne Nakken frå M 55-59 til M 60-64

Roger Malvin Hole frå M 55-59 til M 60-64

Fridtjof Fredriksen frå M 55-59 til M 60-64

Anita Holmberg frå K 60-64 til K 65-69.

Og det er heilt sikkert fleire som har same lagnad. Dette var slike nettsida kunne ta på ståande fot utan å gå i djupna. Klasseskifte vert nok tøffast for Gyls-tvillingane, som no i ein 11 års bolk skal konkurrere i den tøffaste klassa som finst, M 23-34. Vi trur at fleire av dei nemnde vil ta sitt siste løp i noverande klasse, anten under Ålesund vinterkarusell sitt 2.løp (14.desember) eller under Ålesund Nyttårsmaraton.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.