Ei tid som var: I dag alpint frå 1981

Postet av Atle Jomar Hole den 3. Des 2025

 

Alpinsporten er i dag ute, men denne saka vitnar om ei svunnen storheitstid.

 

Året er 1981. Og nettsida skal kome med nokre korte døme på velstand innan alpinsporten i Velledalen IL.

  • 2.påskedag dette året hadde Velledalen IL med 39 utøvarar under bygdameisterskapen i storslalåm i Ladalen.
  • Ann Kristin Fet og Kjell Arild Skogvold vart KM-vinnarar i storslalåm dette året. Geir Arne Fet vart nummer to i G 12
  • Donald Duck- meisterskapen på Kongsberg samla 450 av landets alpintalent i alderen 10-13 år. Tre frå VIL deltok.
  • Laget var representert på alle lokale kretsrenn i alpint. Trine Rasmussen var ei av dei som var aktive i klubben i 1981
  • Utklipp frå Sunnmørsposten frå mars 1981.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.