Frå 1930-talet: Unge velledalsmenn på skirenn
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Des 2025

Panneband var tidleg på moten og imponerande startnummer
Eit interessant foto. Fire av fem stiller i panneband. Severin og Harald på flankane stiller neppe i fullt «kampantrekk» då vi ser at Severin har belte på seg, Harald har bukseselar. Ole C, Petter og Arne Lade stiller alle i nikkers. Startnummera er kanskje det mest imponerande, med særs tydelege tal
Elles er det dette å seie om kvintetten:
Severin Hole (startnummer 13): I fylgje Oddmund Skylstad og Ole L. Hole ein av Velledalen IL sine beste utøvarar i langrenn på 1930-talet. Kom frå Jørn-garden på Hole, men busette seg på Stranda. Hadde likevel gjennom heile livet sterke band til Velledalen gjennom brørne Arne og Lars, og gjennom søstrene Åsta, Helga og Anny – alle busette i Velledalen.
Ole C. Brunstad (startnummer 19): Ein allsidig kar som deltok i fleire idrettar. Markerte seg både i idrottslag og skyttarlag. Hadde ei rekkje administrative verv i tillegg. Kom frå ein sterk idrettsfamilie med fleire aktive og interesserte brør (Kåre, Jon, Kjell og Arne). Broren Jon, vart mellom anna KM-vinnar for Velledalen IL i 1952 over 4X10 km stafett, saman med Olav P. Hole, Paul P. Hole og Ole L. Hole.
Petter L. Lade (startnummer 12): Synd å seie det, men han veit underteikna lite om. Men han var eldst av kvintetten, fødd 1908. Meld gjerne tilbake om nokon har kunnskap.
Arne A. Lade (startnummer 3): Han var aktiv både i idrottslag og skyttarlag. Mange var det denne tida. Elles skal det seiast at Arne var far til fire søner som alle var aktive i Velledalen IL. Eldstemann, Jan, dyrka mest fjellsport og sat som leiar i hovudstyret i 1970. Dei to mellomste, Magne og Aage, var begge habile langrennsløparar. Medan yngsteman, Jarle, sysla med hopp. Men det eg hugsar Arne best og mest for, er to køyreoppdrag for Karl B. Lade til skirenn. Eine gongen gjekk turen til Langvåg. Då vi på heimturen kom til Blindheimsskiftet, fann karane ut at det var ei stund til neste ferje. Då la Arne kursen mot Spjelkavik og kafé-stund, der han spanderte brus på dei tre gutane i baksetet.
Andre gongen, som vil sitje klistra til minnet så lenge eg lever, var ein tur til Skodje 18.februar 1968. Ein tur med Karl B. Lade i framsetet, Jan Bolstad, Bjørn Lade og Atle Hole i baksetet. Det snøa meiningslaust mykje denne sundagen, der ungdomshuset på Skodje var base for rennet. Og der det heitaste på slager-sida (svenske «lykliga gatan» av Anne -Lena Löfgren) vart spela om att og om att. Ungdomshuset var som eit gasskammer; vått på golvet av snø som smelta, og elles ein eim av folk som røykte, vaksne som drakk kaffi, born som drakk kakao og sveitte kroppar i ei salig blanding.
Vi kom oss heim med vindauge-viskarar i hurtig-modus, sakte fart og god vilje…… Morgonen etter, 19.februar, gjekk snøraset på Hjorthol i gryotta. Familien Melchiorsen sitt hus vart teke, og Bjørn Lade miste ein klassekamerat – Velledalen var i sjokk!
Harald Lødøen (startnummer 4): Sterk langrennsløpar i sine beste år. Utskiftinga på Hole førte han inn i Holemarka. Begge sønene, Helge og Rolf , dreiv hoppsport. Rolf var i tillegg ein dugande fotballspelar i VRF, som hadde sans for fjellsporten sine utfordringar. Harald Lødøen utmerka seg også som ein kvass hjortejeger. Men aller mest kjend i Velledalen vart han nok fordi han kunne traktere ei fele. I årevis var Harald sitt felespel eit mykje nytta innslag ved ymse tilstellingar. Eksempelvis var han ein lang bolk, nærast fast i aksjon, kvar einaste 17.mai.
Atle Hole
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.