Ledig 28.desember…? Jan Ketil treng hjelp
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Des 2025
Arkivfoto
Ålesund Nyttårsmaraton treng funksjonærar 28.desember
Er du ledig for ein liten innsats 28.desember, så meld helst frå direkte til primus motor for arrangementet, Jan Ketil Vinnes. Eller du kan melde deg til ein i Velledalen IL si friidrettsgruppe, eksempelvis Alf Petter Bøe, Frode Mauren eller Bjørn Arve Brune, for å nemne nokre. Dei fleste jobbane er enkle, og kan utøvast av folk flest.
Så tek vi med litt om påmeldinga til Ålesund Nyttårsmaraton:
Torsdag 11.desember klokka 15.00 stod nøyaktig 100 namn på lista, fordelt såleis:
6 påmelde 5 km utan tidtaking
12 påmelde heilmaraton
12 påmelde 5 km med tidtaking
27 påmelde 10 km
43 påmelde halvmaraton
Dette betyr at deltakinga vil bli særs god, med mindre det blir snø og kulde. Jan Ketil Vinnes sa under Velledalen IL sitt julebord at han håpte på minst 200 deltakarar. Det trur vi han er garantert. Truleg vil påmeldingane skyte fart fyrst når det ligg føre ganske sikre vêrvarsel for 28.desember. Og særleg om vêret vert lageleg.
Alt tyder på at deltakinga frå Velledalen IL vert enorm. Hittil har desse meldt seg på:
Heilmaraton: Sverre Kjerpeseth – M 35-39 – debutant
Halvmaraton: Malin Berge (K 30-34), Hermann Furland (M 23-34), Stig Marius Vestnes (M 50-54) og Fridtjof Fredriksen (M 55-59).
Nettsida til Velledalen IL tippar deltakartalet vil passere 300 (med noko lunde rimelege forhold) og at Velledalen IL sin tropp til løpet vil bli tosifra med god margin.
Og meld deg gjerne som frivilleg hjelpar!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.