Bli med på barnetrim! 

Postet av Ann-Helen Hole den 13. Des 2025

Etter nyttår startar Velledalen IL opp med eit tilbod for dei minste borna. Aktivitetstilbodet består av frileik for dei minste borna mellom 0-5 år, med fokus på motorikk, balanse og koordinasjon. Alle foreldre bidreg og er aktive med sitt born på trening. Målet vårt er å skape ein trygg og morosam arena for borna til å utforske og utvikle seg gjennom leik. Barnetrim er avhengig av støtte frå foreldra når det skal ryddast. Rydding startar 10 minutt før slutt. 


Barnetrim blir i Velledalen grendahus tysdagar etter nyttår frå klokka 17.00-18.00. Fyrste gong blir tysdag 6.januar. Ein treng ikkje melde seg på på førehand. Pris for å vere med er 100 kr, det gjeld då for heile 2026. Er ein usikker på om dette er noko for sitt barn, er det lov å komme nokre gongar for å prøve.


Har ein spørsmål kan ein kontakte Hannah Velle Vadset.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.