Ålesund vinterkarusell: Fin VIL-tropp i andre løpet

Postet av Atle Jomar Hole den 14. Des 2025

 

Velledalen IL berika løpet med 12 av 101 fullførande utøvarar.

 

Litt mot normalt var deltakinga denne gongen størst på 5 km med 59 fullførande, mot 42 på den doble distansen. Velledalen IL greidde målet sitt med tosifra tal deltakarar. Det er storarta, men det må likevel vere ein tankevekkjar at ti av dei tolv som deltok denne gongen hadde passert 50 år. Veteranalder er 35 år, og hadde løpet gått 18 dagar seinare hadde også Malin Berge vore veteran. I dag var det Malin og Frank som utgjorde VIL sitt «ungdoms-alibi».

 

Vi må ikkje kome dit at det vert «Super-super-veteranane» (dei over 70) som går på trimpostane, medan «super-veteranane» (dei over 50) stiller på løp. Ja vi er takksame for – og treng dei eldre – men vi må stimulere yngre generasjonar til deltaking. Tre løp står att i karusellen, i januar, februar og mars. Vi skal ikkje vike frå målet om stor breidde, men stor breidde inkluderer også dei som ikkje er veteranar. Såleis bør Velledalen IL mønstre løparar under 35 år i alle dei tre attståande karusell-løpa i Ålesund – og fleire kvinner. I dag var to av tolv utøvarar kvinner. Honnør til Malin og Marita!

 

I denne delen av sesongen er det lov å slå av konkurranse-brytaren, eller pleie skadar eller andre «vondter», og dermed vere heilt fråkobla i forhold til tider og prestasjonar. Slik ein mann som Ludvig With var i dag. Men han var der, og har premien for tre startar eller meir i sikte. Ein premie alle kan greie – ein premie som ikkje går på fart, men deltaking!

      Til sist ein honnør til Blindheim IL som i dag var klart større enn Velledalen IL på deltaking. Nær 20 deltakarar er særs solid, og så vidt vi kan sjå: Best i Byen!

 

Slik gjekk det i Fremmerholen i dag.

Resultat 5 km:

  1. Kristian Nedregård, Ålesund, 17.06 (M 50-54)
  2. Bastian Straume Indredavik, Åndalsnes IF, 17.24 (M 10-11)
  3. Bård Indredavik, Åndalsnes IF, 17.41 (M 40-44)

 

VIL-RESULTAT PÅ 5 KM:

12. Malin Berge, 20.06 – nr 1 K 23-34

15. Frode Mauren, 20.38 – nr 2 M 50-54

20. Bjørn Arve Brune, 21.18 – nr 1 M 60-64

22. Frank Andersen, 21.30 – nr 3 M 35-39

23. Fridtjof Fredriksen, 21.44 – nr 1 M 55-59

31. Svein Arne Nakken, 23.15 – nr 2 M 55-59

32. Marita Bjørkelid Andreassen, 23.23 – nr 1 K 50-54

38. Alf Petter Bøe, 24.48 – nr 3 M 55-59

52. Ludvig With, 31.54 – nr 3 M 50-54

59 fullførande utøvarar

 

RESULTAT 10 KM:

1. Lars Thoresen Haug, ÅFIK, 34.03

2. Jørn Snorre Øvstedal, Ålesund, 36.06

3. Erik Henriksen, ÅFIK, 36.11

4. Janne Elin Vatnaland, Spirit, 36.52 (beste kvinne)

5. Jan Ketil Vinnes, Velledalen IL, 37.19 – nr 1 M 55-59

6. Are Bjørgum, IL Valder, 38.15

7. Thommy Holmvåg, Steigen SK, 38.38

18. Birgitte Kvalsvik, Bergsøy IL, 41.38 – net beste kvinne

23. Eldar Sindre Valkvæ, Velledalen IL, 44.32 – nr 1 M 65-69

33. Stig Marius Vestnes, Velledalen IL, 50.57 – nr 3 M 50-54

42 fullførande utøvarar

 

Som den vakne lesar vil sjå, vart fasiten denne:

6 stk klassesigrar

2 stk andre plass

4stk tredje plass

 

FOTO: SUSAN GJERDE

Manglar på foto: Stig Marius Vestnes


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.