Marita med årsbeste i Ålesund
Postet av Atle Jomar Hole den 17. Des 2025
Kanskje var det til og med personleg rekord, då ho noterte 23.23 på 5 km.
Forholda i Ålesund var ikkje dei alle beste (noko vind), då det andre løpet i vinterkarusellen vart arrangert sundag 14.desember. Velledalen IL hadde med 12 løparar. Så vidt vi kan sjå av resultatlista, sette veteranane Alf Petter Bøe og Marita Bjørkelid Andreassen personleg årsbeste i løpet. Men for Alf Petter sin del skuldast dette at det er det einaste løpet vi har registrert på han på distansen 5 km, ikkje at han sprang spesielt fort. 24.48 representerer ikkje rakett-fart for den tidlegare storløparen frå Bøfjorden på Nordmøre.
Marita derimot, ho hadde vi registrert med tida 23,32 frå Sørestrandmila i mai. I Fremmerholen sundag 14.desember trykte ho til med 23.23. Altså ny bestetid med ni sekund, og ei km-tid på 4.40,6, som betyr at ho denne aktuelle dagen hadde vore god for kring 20.45 i Konradløpet.
Beste vi har registrert på Marita på 3 km landeveg denne sesongen er 14.09, som gir ei km-tid på 4.43. Som betyr at ho kunne sett 13-talet på 3 km om dette var distansen i Ålesund sundag 14.desember.
Marita spring i klasse K 50-54. Ho har gjennom sesongen slite med ein vanskeleg rygg. Spelar den på lag i 2026 vil vi få registrert ei halvmaraton-tid på kvinna med opphav frå Vanylven.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.