Ålesund vinterkarusell: VIL-stoda etter to løp

Postet av Atle Jomar Hole den 18. Des 2025

 

10 VIL-utøvarar har to av to løp

 

Fem løp tel med i Ålesund vinterkarusell 2025/2026. Løpa vert arrangert i november og desember 2025 og januar, februar og mars 2026. Friidrettsleiar AP Bøe si målsetning for karusellen er å kome over 50 startar samla og greie eit tosifra tal premierte (tre eller fleire løp).

 

Etter to løp ser alt rosenraudt ut, med 15 startar i november og 12 i desember. Og mykje skal gå gale om ikkje laget greier meir enn ti premierte. Sjølv dei som enno ikkje har starta, kan greie tre startar, men då må dei ha full pott på nyåret.

 

Stoda så langt – desse har to av to løp:

Malin Berge – K 23-34

Eldar Sindre Valkvæ – M 65-69

Bjørn Arve Brune – M 60-64

Svein Arne Nakken – M 55-59

Fridtjof Fredriksen – M 55-59

Alf Petter Bøe – M 55-59

Frode Mauren – M 50-54

Ludvig With – M 50-54

Stig Marius Vestnes – M 50-54

Frank Andersen – M 35-39

 

Desse har eitt løp:

Pernille Linga – K 16-17

Jone Schmidt Breivik – M 16 -17

Andres Nakken – M 20-22

Anita Holmberg – K 60-64

Jan Ketil Vinnes – M 55 – 59

Trond Bonesmo – M 55 – 59

Marita Bjørkelid Andreassen – K 50 – 54

 

Etter to løp har altså 17 ulike personar gjort 27 startar, begge løp avvikla under gode forhold så langt unna «vinterkarusell» der er råd å kome. Neste løp går i januar 2026. La dykk ikkje skreme om det under løp tre verkeleg skulle bli vinterkarusell.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.