Dagens klipp: Mosjonsmønstringa Ramstaddalsløpet
Postet av Atle Jomar Hole den 20. Des 2025

Løpet i 2011 samla deltakarar frå to til 100 år.
Løpet vart arrangert som ein stafett der alle kunne delta, og der ein kunne springe så langt ein ville – frå berre nokre få meter til fleire kilometer. Reportasjen på ei heilside i Sykkylvsbladet er frå 31.august 2011, er ført i penn av dagens Nyss-redaktør Monica Aure Fallingen.
Og vi kan lese at 47 personar tok del i 2011-utgåva av Ramstaddalsløpet. Der Sevrin Skotheim Hjorthol på to år var yngste deltakar, oldefar Harald Hjorthol på 100 år eldste, tett fylgd av Tomas Tandstad på 99 år.
- Poenget med stafetten er å få flest mogleg i alle aldrar i aktivitet, og det er vi veldig godt nøgde med å ha fått til, seier primus motor, Svein Nakken.
2011-løpet start/ mål ved butikken i Velledalen, staden som var meir enn butikk, og som i desse dagar trekkjer sine siste andedrag. Deltakarane gjorde unna turen på 3.43.45 (tre timar, 43 minutt og 45 sekund. Og litt av poenget med tilskipinga var å vise at det mange med lettheit kunne greie i fellesskap med liten innsats på kvar, kunne det knappast det sprekaste menneske makte åleine. Heile den tilbakelagte strekninga var kring 50 000 meter.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.