Dagens klipp: Frå Sunnmørsposten sin 100 års omtale

Postet av Atle Jomar Hole den 21. Des 2025

 

Omtalen er ført i penn av Kjetil Tandstad

 

Men faktum er at i 2026 vert Velledalen IL 120 år. Korleis – og om - dette skal markerast, er så langt nettsida veit ikkje teke stilling til. Men kva har hendt med Velledalen IL i åra frå 100 til 120 år

Her er nokre punkt:

  • Vi har fått lysløype for langrenn på fjellet.
  • Ved inngangen til 2026 er all alpin-og hoppsport lagt død.
  • Vi har markert oss i orientering (både Midt-norsk meister og KM-vinnnar i 2025). Fjellsætersamlinga har vorte årviss på hausten. O-kart over ei rekkje område i bygda.
  • Konradløpet har slege rot (fyrste gong arrangert i 2002), meininga er at Sørestrandmila skal gjere det same.
  • I 2025 har over 80 utøvarar representert Velledalen IL i arrangement utanfor Sykkylven kommune.
  • Vi er mellom dei absolutt fremste klubbar på Sunnmøre innan profilering, klubbkjensle og samhald.
  • Løpsbølga er solid. Og laget har vore representert med mellom 10-20 utøvarar i ei rad store stemne. 22 påmelde Oslo Maraton 2026 per no.
  • Velledalen IL er heilt klart ein breiddeklubb, men har to utøvarar under 1.10 på halvmaraton, ein på 2.28 på heilmaraton og klubbrekorden på 10 km lyder på 31.05.
  • Vi har utøvarar som hevdar seg i Norgestoppen innan OCR-hinderløp og Hyrox.
  • Lågterskel-arrangement som trimbingo-arrangement har enno sin plass. Like eins Førjulsmarsjen (fyrste gong arr 1979).
  • Dei 15 trimpostane er mykje nytta trim-mål, særleg mellom dei litt eldre, for tida med 14-15 tusen registreringar i snitt per år.
  • Diverse trimparti held enno koken. Vinteren 2026 vert det starta opp småbarnstrim.
  • Snømangel gjorde at lokal langrennscup ikkje vart arrangert i 2025, men vert det i 2026 om snøen kjem.
  • FØRJULSMESSA (arrangert sidan 1993) er viktigaste inntektskjelda
  • Laget driftar framleis Dalemyra stadion (grasbane).
  • Tre siste åra har laget arrangert «Rosa sløyfe-løp» der alt overskot går til kreftsaka
  • Laget støtta i 2025 Hilmar Kråkenes sitt løp i Kinn kommune til inntekt for psykisk helse.
  • Laget arrangerer kvart år eigen «Idrettsgalla», der personar som har fortent det vert tildelt heider.
  • I 2025 arrangerte laget eige suksessrikt julebord saman med Edru Livsstil Ålesund.
  • Velledalen IL har aktive utøvarar i Oslo med omland, Bergen, Trondheim, Drammen, Kongsberg, Elverum, Deknepollen, Åndalsnes, Ålesund, Sula, Stranda og sjølvsagt Sykkylven (flest der).
  • Grenda Velledalen har ved årskiftet 2025/2026 kome godt under 400 innbyggjarar. Likevel «stimlar» utøvarar til Velledalen IL av eigen fri vilje. Dei seier det er fordi:
  • Laget har ei unik nettsida, dei ser at vi har det kjekt i lag, og at VELLEDALEN IL SER ALLE!

 

Flott, men der ligg eit KVA NO og lurer. Mykje av godviljen for Velledalen IL har vorte bygt opp av personar med tilhald i kafe-avdelinga ved Nærbutikken i Velledalen. Minst eit tusental kaffikoppar og enno fleire mokkabønner har vorte sette til livs, og betalt for. Velledalen IL sitt ve og vell, arrangement, profileringsklede, løpstider, ulike treningsformer, skoval, skadar, og kva som er eit godt arrangement, kvifor kvinnfolka er så tunge å «løyse», er mellom sakene som har vore opp til debatt.

    Det vert no sagt at basen for mykje av det tankegodset Velledalen IL siste åra har vorte store på, ikkje lenger ligg der tilgjengeleg for oss. Synd, men slik er det. Uansett vert Velledalen IL 120 år i 2026- eit år laget går inn i med sterk vilje og positiv optimisme!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.