Romjulsmarsj 2.juledag: Hald tradisjonen i hevd!
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Des 2025
Arkivfoto
Stiller du under trimgruppa sin Romjulsmarsj 2.juledag er du med å held ein 46 år gamal tradisjon i hevd.
Velledalen IL, trimgruppa, ynskjer alle velkomne til Romjulsmarsj 2.juledag. Registrering i Velledalen grendahus i tidsrommet 11.00-13.00. Kvar ein går er ikkje det viktigaste, men at ein går; det er viktig. I kjøkkensalen fristar trimgruppa med velsmakande mat og drikke til ein rimeleg penge og eit sosialt treffpunkt.
Deltakinga i Romjulsmarsjen er sjølvsagt vêravhengig. Føreforholda har variert mellom godt snøføre, til såpeglatte vegar, frå opphaldsvêr til kraftig regn-eller snøbyger. Ein veit aldri sikkert kva ein får denne årstida før dagen er der. Det har variert frå godt over 200 deltakarar til langt under 100 gjennom åra.
Romjulsmarsjen i 1980 var den andre i rekkja. Den gjekk i regn, noko vind og isholke etter vegane. Det året starta velledalingane frå Velledalen skule og gjekk til Tandstad skule. Deltakarar frå Tandstad krins gjekk motsett veg. Her er namna på dei som gjekk Romjulsmarsj 2.juledag 1980:
Paul Otto Brunstad, Harry Brunstad, Svanhild Brunstad, Magnar Fet, Margit Fet, Leiv Drotninghaug, Elling Hole, Øyvind Fet, Grethe Fet, Oddveig Ånes, Nils Fet, Ole P. Velle, Kjetil Brunstad, Johan S. Grebstad, Jan Steinar Bolstad, Atle Hole, Tormod Strømmegjerde, Ingrid Hole, Ingebjørg Hole, Anders Brunstad, Jan Kåre Brunstad, Oddbjørn Brunstad, Bjørn Vanebo, Jon Hjortdal, Karl B. Lade, Roger Vanebo, Karin Ramstad Urke, Tommy Rasmussen, Janita Rasmussen, Anne-Lise Ramstad Urke, Kjellaug Ramstad, Kjellaug Ulset, Oline Hole, Asbjørg Lade, Kari Brunstad, Emelie Brunstad, Aud Brunstad, Johanne Brunstad, Ole Fausa, Knut Tore Fausa, Åge Vanebo, Hallvard Hjorthol, Harald Hjorthol, Knut Hjorthol, Rolf Lødøen, Jan Lade, Jan Brustuen, Arne Olufsen, Petter K. Hjorthol, Jarle Vanebo, Oddrun Vanebo,Petter Tandstad, Turid Tandstad, Kristi Tandstad, Ivar Ertresvåg, Judit Velle, Odd Jostein Drotninghaug, Ole Bonesmo, Jofrid Bonesmo, Jan Ove Skogvold, TorhildHorsevik, Svein Skylstad, Heidi Brunstad, Hallstein Ånes d.y, Sigbjørn Ånes, Jostein Berge, Odd-Kåre Fet, Anne Gjertrud Fet, Ole André Fet, Ståle Eikrem, Grethe Eikrem, Anne Mette Eikrem, Bjørn Sture Eikrem, Sten Vidar Eikrem, Hanne Ulset, Bjørn Asle Lade, Ketil Eide, Anders Strand, Hans Jakob Overå, Venke Brandshaug, Jon Robert Strømme, Ståle Rasmussen, Geir Ståle Rasmussen, Tore Bøe, Reiar Flågan, Gunn Marit Rasmussen, Arnfinn Grebstad, Anne-Britt Svindseth, Else Svindseth, Gry Fausa, Kai Roger Skylstad, Elise Weiberg Aurdal, Arnold Weiberg Aurdal, Bastian Weiberg Aurdal, Arild Jostein Lade. I tillegg deltok hundane Kari og Tanja – begge under 17 år.
Utskiftinga frå 1980 til 2025 er ikkje total, men vesentleg. Det minner oss om nokre få ord frå songen «Forever Young», der det heiter: «Life is a short trip»
ALLE ER VELKOMNE TIL ROMJULSMARSJ I VELLEDALEN 2.JULEDAG 2025!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.