Vinterkarusell: Då har vi fått Fridtjof på lista

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Jan 2026

 

Fridtjof Fredriksen vart klassevinnar i M 60-64 i sin første opptreden.

 

I går vart Ålesund vinterkarusell, løp 3, arrangert i Fremmerholen. Truleg litt kluss med tidtakinga, då det tok si tid før herrane Frank Andersen og Fridtjof Fredriksen kom inn på lista. Då saka frå løpet vart skriven i går, var Frank komen på plass med tid og plassering, ikkje Fridtjof.

       Men no er alt i orden. Fridtjof vart nummer 13 totalt på 5 km, og her er fullstendig resultatlista frå klasse M 60-64:

  1. Fridtjof Fredriksen, Velledalen IL, 22.39
  2. Tor Husø, Kondis Ålesund, 22.56
  3. Svein Arne Nakken, VIL, 25.13
  4. Bjørn Arve Brune VIL/Byrg, 25.44
  5. Morten Abrahamsen, Ålesund, 42.56

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.